Birgit Oline Kjerstad (SV): Når vil statsråden offentleggjere KDI/POD si siste delutgreiinga for overføring av drifta av Utlendingsinternatet ved Trandum frå Politiet til Kriminalomsorga, og kan denne ventast innan to veker?
Begrunnelse
17 februar 2025 svara Justis og beredskapsministeren til meg (Dok.15:1050 (2024-2025), at Tilsynsrådet sin klage på avslag på innsyn i KDI/POD s tilleggsutgreiing skulle handsamast i mars, men eg kan ikkje sjå at klagesaka er omtala i protokollar frå statsråd. Det er eit viktig prinsipp at avgjerder frå departementet kan klagast. Manglande oversending av saker frå departementet til Regjeringa vil svekke effektiviteten i klageordninga. Eg viser til at saka gjeld krav om innsyn, og at den difor kunne førebuast og sendast over utan at det skulle ta svært lang tid.
Ved fleire høve, mellom anna i samband med igangsettinga av tilleggsutgreiinga, har departementet gitt signal som kan tyde på at det er planar om å gjere substansielle endringar i internatdrifta ved Trandum, og ikkje berre endringar i regelverket. Oppfylginga av denne utgreiinga vil vere ei viktig avklaring om signala frå departementet samsvarer med ein reell vilje til å gjere nødvendige endringar ved drifta. Eg minner igjen om at det i den første utgreiinga frå direktorata vart gitt ei tydeleg tilråding om rask oppfylging. Når det gjeld dette temaet har eg elles merka meg avsnitt 38 i CPT s siste rapport nr.1680b37399, der det heiter:
«However, the transfer of responsibility from police to correctional services has been under discussion since 2022. This change in responsibility could ensure that the conflict of interest between the police investigating in the context of the immigration procedure and their duty to care for detained foreign officials be avoided. In this regard, the delegation met various police officers, who considered that their responsibilities as police officers conflicted to a certain degree with their role as carers and persons of confidence for the detained foreign nationals.37 In the CPT’s view, staff responsible for the custody of immigration detainees should be in a different and separate service from law enforcement officials.”