Skriftlig spørsmål fra Seher Aydar (R) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2003 (2024-2025)
Innlevert: 23.04.2025
Sendt: 23.04.2025
Til behandling

Seher Aydar (R)

Spørsmål

Seher Aydar (R): Mens private kommersielle aktørar tener pengar på operasjoner som ikkje er naudsynte eller medisinsk grunngjeve, er det fellesskapet som må rydda opp og ta rekninga når det går gale.
Vil statsråden syta for at private kommersielle aktørar får eit større økonomisk ansvar for behandlingane dei gir, særleg ved grove feil?

Begrunnelse

Dei aller fleste kosmetiske kirurgiske inngrep blir gjort av private kommersielle klinikkar som har profitt som formål. Det er tydelege økonomiske insentiv til å gjennomføra flest moglege inngrep, også i tilfeller der slike inngrep er risikable. Rekninga for inngrep som går gale, blir i praksis sendt til skattebetalarane gjennom det offentlege helsevesenet. Det er fastlækjarane eller statlege sjukehus som får ansvaret for å følgja opp pasientar som har fått smerter eller skader etter kosmetiske kirurgiske inngrep. I ei tid med stor mangel på helsepersonell, er det alvorleg dersom kosmetiske operasjonar som blir gjort i privat regi, får leggja band på viktige tilsette og ressursar i det offentlege helsevesenet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig