Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1993 (2024-2025)
Innlevert: 22.04.2025
Sendt: 22.04.2025
Besvart: 24.04.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva er regjeringa si prinsipielle haldning til å selja eigarskapen i ei statsdriven lufthamn, og meiner regjeringa at Haugesund lufthamn Karmøy kan vera til sals for private investorar?

Begrunnelse

Det private Lufthavndrift AS har i fleire brev til Samferdselsdepartementet (det siste datert 8. november 2024) uttrykt ønskje om å kjøpa den statleg eigde Haugesund lufthamn Karmøy. Staten har førebels avvist alle slike førespurnader med grunngjeving i at flyplassen er kritisk infrastruktur.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Av Hurdalsplattformen følgjer det at regjeringa vil vidareføre og styrkje Avinor-modellen som inneber at Avinor skal vere sjølvfinansierande og drive samfinansiering mellom bedriftsøkonomisk lønsame og ulønsame lufthamner.
I 2018 inngjekk Avinor ein tenestekonsesjonskontrakt med Lufthavndrift AS for perioden 2019–2039. Kontrakten inneber at Lufthavndrift har ansvaret for drifta av lufthamna, mens Avinor framleis eig lufthamna. Ansvaret vil bli ført attende til Avinor dersom konsesjonshavaren ikkje klarer å halde oppe drifta. Saka blei forankra i Stortinget, jf. Prop. 31 (2016–2017) og Innst. 129 S (2016–2017).
Lufthavndrift har ved ulike høve teke opp spørsmålet om eigarskapen til Haugesund lufthamn med Samferdselsdepartementet. Saka er vurdert i eit brev frå Samferdselsdepartementet til Lufthavndrift datert 13. september 2022. Departementet vurderer i brevet at Haugesund lufthamn bør halde fram som ei statleg eigd lufthamn. I brevet vert det vist til at staten ved Avinor eig dei lufthamnene som blir vurderte å ha ein viktig samfunnsfunksjon for den sivile luftfarten, og at Haugesund lufthamn er vurdert å vere ei slik lufthamn. Brevet konkluderer derfor med at det ikkje er ønskjeleg med eit sal av Haugesund lufthamn.