Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1738 (2024-2025)
Innlevert: 25.03.2025
Sendt: 25.03.2025
Besvart: 31.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren, med bakgrunn i sitt svar på spørsmål . 1657, forklare kvifor det er ein risiko dersom norske bilar som er EU-godkjent i eit EØS-land eller EU-land køyrer på norske vegar når det tydelegvis IKKJE er ein risiko at utanlandske bilar, bobilar osv. frå EØS og EU land køyrer fritt på norske vegar UTAN at vår nasjonale kontrollpunkt er kontrollert på grensa, og har samferdselsministeren med slik argumentasjon tenkt å forby utenlandske bilar på norske vegar?

Begrunnelse

I svar på spørsmål nr : 1657 svarar samferdselsministeren på mitt spørsmål om kvifor norske bilistar som skal etterleve EU kontrollar for sine bilar, ikkje kunne ta slike kontrollar i andre EØS land eller EU land:

"Skulle vi i Noreg opna for godkjenning av kontrollar gjennomført i eit anna EØS-land, ville det difor vere ein risiko for at køyretøyet får køyre på norske vegar utan at våre nasjonale kontrollpunkt er kontrollerte."

-Makan! Det skulle verkeleg tatt seg uta at det på norske vegar svirra rundt mengder med bilar som ikkje er godkjent av norske kontrollstasjonar, når til dømes alt av utanlandske biler frå Sverige, Danmark, Finland, Polen, Tyskland, Italia osv. køyrer i mengder på norske vegar med både bilar, bobiler og vogntog som sjølvsagt er EU godkjente i eit EU land, og slett ikkje har gjennomført våre nasjonalekontrollpunkt.
At det verkeleg går ann å skrive noko slikt av ein samferdselsministere, og samtidig tydeligvis meine dette er rett og slett useriøst, og berre bekreftar at Norge skal ha særegne reglar som går langt utover både EU-direktiv og i dette tilfellet såkalla EU-krav for kontroll av bilar.
Slike særegne norske reglar og krav fører berre til høgare kostnadar for våre bilister som frå før ganske sikkert har verdens dyraste bilprisar, bil og bilavgifter.

Her skriver samferdselsministeren i klartekst at "det ville vere ein risiko for at køyretøyet får køyre på norske vegar utan at våre nasjonale kontrollpunkt er kontrollert."

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Kvart enkelt medlemsland er gjennom mellom anna direktiv (EU)2014/45 om periodisk kontroll av køyretøy og deira tilhengarar, gitt felles minstekrav for kontroll av køyretøy, og i dette også eit handlingsrom for oppfølging av eigen køyretøypark.
Eg viser til tidlegare svar i saka der eg peikar på at dei ulike medlemslanda har innført nasjonale tilpassingar av kontrollane grunna kvart enkelt medlemsland sin geografi, klima med vidare. Kontrollregima byggjer på same minstekrav gitt i EU-direktivet, men kontrollregima til dei enkelte medlemslanda er likevel ulike, både i omfang, nivå og handheving.
At direktivet gir kvar enkelt stat handlingsrom for oppfølging av eigen køyretøypark, byggjer på den føresetnaden at køyretøy registrerte i eige land, i hovudsak oppheld seg og blir nytta innanfor dei geografiske grensene til denne staten.
Det er i fortalen til direktivet stilt krav om at medlemsland ved bruktimport skal anerkjenne kontroll gjennomført i det landet køyretøyet kjem frå, men det stiller ikkje krav om at medlemsland skal kunne gjennomføre kontrollar av køyretøy registrert i andre medlemsland.
Hovudprinsippet er etter dette at ingen medlemsland godkjenner kontrollar gjennomført av andre lands kontrollorgan. Det er altså ikkje noko som er spesielt for Noreg.
Periodisk kontroll skal bidra til at køyretøy blir halde i ein tilfredsstillande stand i forhold til trafikktryggleik og miljø, sett i høve til dei forholda som er der dei er registrerte.
I praksis er det konkurrerande omsyn til dette utgangspunktet, som nødvendig bruk av køyretøy på tvers av geografiske grenser. Det finst derfor mellom anna nasjonale reguleringar eller avtaler mellom land, som tek omsyn til nettopp dette, parallelt med kontrollregima til statane. Køyretøy som skal opphalde seg og/eller vere i bruk over lengre tid i andre land, skal i utgangspunktet registrerast i dette landet. Køyretøyeigar må følgje reguleringa i det enkelte landet for bruk av utanlandsregistrert køyretøy. Utanlandsregistrerte køyretøy i bruk i Noreg må ta omsyn til særreguleringa knytt til den aktuelle bruken, eksempelvis forskrift om mellombels bruk av utanlandsregistrert motorvogn i Noreg eller reguleringa av yrkestransport i Noreg.
Ei anna utfordring knytt til å anerkjenne andre lands kontrollar, er at det ikkje finst ei internasjonal oversikt over andre lands kontrollregime og ingen sikker løysing for å kontrollere at dokumentasjonen på andre lands kontrollsetlar/kontrollørar/kontrollorgan etc. er ekte. For eigne kontrollar, har Noreg gjort mange tiltak for å få bukt med juks og svindel. Mellom anna må alle kontrollørar verifisere at dei er godkjende ved å nytte ID-porten for kvar enkelt innrapportering av kontrollresultat, og Statens vegvesen har ein oppdatert elektronisk oversikt over kontrollresultata.