Skriftlig spørsmål fra Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:1509 (2024-2025)
Innlevert: 07.03.2025
Sendt: 07.03.2025
Besvart: 14.03.2025 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp)

Spørsmål

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Kan statsråden opplyse om kor mange organisasjonseigde kulturhus, her definert som kulturhushus eigd av lag og organisasjonar utan offentleg eigarskap, som har søkt om støtte gjennom desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg dei siste 5 åra, og kva den samla søknadssummen frå desse husa var i same periode?

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Anleggsregisteret som vert nytta i forvaltninga av den desentraliserte ordninga opererer med eit breitt spekter av kulturarenaer. Desse kategoriane er i avgrensa grad eigna til å synleggjere eigarskap for prosjekt som har søkt og fått tildelt midlar gjennom ordninga. Kategorien «fleirbrukslokale» omfattar eit breitt spekter av kulturarenaer, som mellom anna samfunnshus, grendehus, kulturhus og infrastruktur i tilknyting til skular. Vi har ikkje kategorien «privat organisasjonseigd kulturhus».
Basert på uttrekk frå Anleggsregisteret og namn på kulturbygget, kan det likevel seiast at det i dei siste 5 åra har vore ein nedgang i tildelinga til utvalde typar kulturbygg, med mindre tildelingar til kulturhus og samfunnshus/grendehus/ungdomshus. I 2023 gjekk 16 prosent av midlane i ordninga til samfunnshus/ grendehus/ ungdomshus. Desse er i hovudsak organisasjonseigde hus. Fordi fylka opererer med maks tildelingssum på 2 mill. kroner får mindre prosjekt, som lagseigde hus, innvilga større del av søknadssummen, og blir på denne måten prioritert.
KUD har registrert at det er stor interesse for ordninga. Ordninga er viktig for å sikre kulturarenaer for kulturell verksemd og møtestader over heile landet, både for profesjonell verksemd og for det frivillige feltet. KUD har difor tinga ein gjennomgang av ordninga frå Oslo Economics, som skal leggjast til grunn for utviklinga av ordninga. Gjennomgangen vil om kort tid bli gjort tilgjengeleg på nettsida til Kultur- og likestillingsdepartementet. I oppfølginga av rapporten vil eg vurdere om rapporteringsrutinane bør kategoriserast på ein annan, meir finmaska måte for å synleggjere betre korleis midlane blir brukt. Eg vil og be fylkeskommunane sjå nærare på eigarskap hjå søkjarar til desentralisert ordning i sin region.