Skriftlig spørsmål fra Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:1406 (2024-2025)
Innlevert: 26.02.2025
Sendt: 27.02.2025
Besvart: 06.03.2025 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp)

Spørsmål

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Det finst over 5 000 organisasjonseigde kulturhus rundt om i heile landet. Dei går oftast under namn som ungdomshus, bedehus, grendehus, samfunnshus og bygdehus. Desse utgjer ein grunnleggande infrastruktur for lokalt kulturliv. Om lag 60 pst. av desse husa blei bygd mellom 1880 og 1960, og mange har store moderniseringsbehov.
Har regjeringa nokon plan for korleis denne infrastrukturen skal haldast ved like?

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Gode rammevilkår er naudsynt for at frivilligheita og organisasjonane kan vedlikehalde infrastrukturen. I 2024 fekk Norges bygdekvinnelag, Norges bygdeungdomslag, Noregs Ungdomslag og andre grendahus, grendalag, bygdelag, samfunnshus og bedehus 27 mill. kroner i momskompensasjon for aktivitetar og vedlikehald av hus. Om lag 800 ulike organisasjonar er omfatta av kompensasjonen.
I samband med utarbeidinga av Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023–2025) vart det tydeleg at langt frå alle lokala som vert nytta av kulturfrivilligheita er eigna for aktiviteten som skal utførast. Fleire treng oppgradering og vedlikehald. Eg har derfor utarbeida og følgt opp ei rekkje tiltak for betre tilgang til eigna kulturlokale.
Regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for oppgradering og tilrettelegging av lokale for kulturaktivitetar er tilskotsordninga Kulturrom. Ungdomshus, grendehus, samfunnshus, bygdehus og forsamlingshus kan søkje tilskot frå denne ordninga. Vi har styrkt tildelinga til Kulturrom både i 2023 og 2024 og ordninga er i dag på 65 mill. kroner. I 2024 har over 50 organisasjonar motteke 60 mill. kroner frå ordninga – til utbetring, vedlikehald og oppgradering av lokale.
Regjeringa har òg styrkt tilskotet til regionale kulturbygg – desentralisert ordning. I 2024 ble det fordelt 86 mill. kroner til ordninga
Samstundes må kommunar og fylkeskommunar prioritere midlar til utbetring og oppgradering av dei organisasjonseigde husa. Fleire fylkeskommunar har mellom anna inngått samarbeid med Noregs Ungdomslag om Huset i Bygda, eit prosjekt som kartlegg behovet for vedlikehald i dei organisasjonseigde kulturbygga. Det gir fylkeskommunane eit godt kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere behovet og ta høgde for det i planprosessane. Regjeringa støttar arbeidet gjennom årlege tildelingar til Noregs Ungdomslag.