Liv Kari Eskeland (H): Kva er resultatet av det arbeidet som har pågått for å lempe på ulempene som inndragning av fravik av kviletidsbestemmelsane for ferjemannskap har hatt, og har dette arbeidet resultert i at pendlarar no kan oppleve føreseielege avgangar slik det var før inndraging fann stad?
Begrunnelse
I løpet av 2023, og starten av 2024 stramma Sjøfartsdirektoratet inn adgangen til å fravike kviletidsbestemmelsane for ferjemannskapa. Dette gjeld også i forbindelse med beredskapsoppdrag. Det førte til at om ferja har hatt eit beredskapsoppdrag kl 04:00, vil fleire av avgangane oppsett på morgonen gå ut fordi mannskapet skal få den nødvendige kviletida.
Næringsdepartementet gav i sommar beskjed til sjøfartsdirektoratet at dei skulle utvide dispensasjonstida, for å få på plass gode ordningar som gjer at pendlarar, næringstransport og reisande kan stole på at ferja går. Men dette er uansett ei midlertidig ordning, og dei permanente løysingane må etterkvart kome på plass.