Hans Inge Myrvold (Sp): Korleis vil statsråden sikre eit samla Storting sitt vedtak om å ikkje innføre emballasjeforordningen?
Begrunnelse
Eit samla Storting vedtok 05.12.2024 at ein ikkje aksepterer innføring av emballasjeforordningen slik den er sett i verk frå EU si side.
Fylgjande vedtak blei gjort:
«Stortinget ber regjeringen sikre at emballasjeforordningen gjennomføres på en måte som ivaretar det eksisterende norske pantesystemet, og sørge for at ikke norske bryggerier må legge ned som en konsekvens av innføringen.»
Ei samla bryggerinæring og pantereturselskapet Infinitum er særs tydelege i sin bodskap, om at forordningen vil påføra norske forbrukarar og næringsliv ei vesentleg ulempe og meirkostnad, utan at dette vil sikre betre resirkulering eller gjenvinning av avfall.
Gjennom godt samarbeid med forbrukarane, handelen og produsentane har me dei senaste åra oppnådd ein innsamlingsgrad på over 95 %. Ein slik returandel fortel oss at Noreg ligg på verdstoppen i å sikre resirkulering og gjenbruk av drikkeflasker og bokser.
Ein forskningsrapport frå NORSUS kartla i 2023 at dagens pantesystemordning, gjev betre miljø- og klimaeffekt enn den omtala emballasjeforordningen med høgare grad av ombruk.