Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:897 (2024-2025)
Innlevert: 15.01.2025
Sendt: 20.01.2025
Besvart: 27.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren svare på korleis 442 mill. kr forbrukt til Møreaksen totalt i januar 2024, brått blir til, ifølge finansminister Trygve Slagsvold Vedum, gjenngjeve i SMP 15/1-2025, til heile 600 mill. kr pr 2021, og kva var status forbrukte midlar til Møreaksen i Statens vegvesen pr 2021?

Begrunnelse

Den 11 januar 2024 svarte samferdselsministeren følgjande til underteikna på kva som er forbrukt av midler til Møreaksen:

"Statens vegvesen har brukt om lag 430 mill. løypande kroner til planlegging etter plan- og bygningslova og optimalisering av E39 Ålesund–Molde (Møreaksen) til og med 2022. Av dette er om lag 95 mill. kroner nytta til optimalisering og grunnerverv etter at reguleringsplan er vedteken. Årsprognosen for 2023 er om lag 12 mill. kroner."

I seinare spørsmål har statsråden svart at det ligg ann til ca. 20 mill. kr i pengebruk i 2024 til Møreasken for sluttføring av igangsatt arbeide.
I SMP i dag den 15/1-2025 kan vi lese at finansministeren hevdar at FrP i regjering fram til 2021 hadde vore med på å forbrukt 600 mill. kr til Møreaksen, sjølv om partiet etter 2017 klart og tydeleg har stemt imot alle forslag ikring Møreasken.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 511 av 22. november 2023 frå representanten, mitt svar på dette 30. november 2023 og tilleggssvar 11. januar 2024. Som det går fram av mitt svar har Statens vegvesen brukt om lag 430 mill. løypande kroner til planlegging etter plan- og bygningslova og grunnerverv og optimalisering av E39 Ålesund–Molde (Møreaksen) til og med 2022.
Eg viser vidare til spørsmål nr. 828 (2022–2023) frå representanten og mitt svar på dette. Her går fram det at Statens vegvesen i 2022 brukte om lag 100 mill. kr til planlegging optimalisering og grunnerverv av Møreaksen.
I dette spørsmålet ber representanten om status for forbrukte midlar til Møreaksen ved utgangen av 2021 og 2024.
Forbruket på Møreaksen innan 31.12.2021 var om lag 331 mill. løypande kr, som tilsvarar 445 mill. 2025-kr.
Forbruk på Møreaksen innan 31.12.2024 var om lag 483 mill. løypande kr, som tilsvarar 633 mill. 2025-kr.