Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:807 (2024-2025) Innlevert: 08.01.2025 Sendt: 09.01.2025 Besvart: 14.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Liv Kari Eskeland (H): I sitt svar på mitt spørsmål (Dokument nr. 15:2699 (2023-2024)) om ein framdriftsplan for reguleringsplan for Hordfast, skriv Statsråden at reguleringsplanen skulle oversendast til departementet hausten 2024. Vi skriv no 2025. Kva vil statsråden gjera for å få fortgang i prosessen, og kva dato forventar Statsråden å motta planen?
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qnid=96784
Jon-Ivar Nygård: Prosjektet E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast) ligg i utviklingsportefølja i Nasjonal transportplan 2025-2036. Regjeringa har lagt opp til at reguleringsplan for prosjektet skal fullførast. Forslag til reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn var forventa ferdig for oversending frå Statens vegvesen til departementet hausten 2024. Det er no klart at oversendinga først vil skje i byrjinga av 2025.