Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:798 (2024-2025)
Innlevert: 08.01.2025
Sendt: 08.01.2025
Besvart: 15.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vi samferdselsministeren kunne kompensere for fylkeskommunane sine ekstrautgifter dersom det til dømes må settast inn ferje nr. 2 eller 3 i eit fylkesvegferjesamband, med bakgrunn i kraftig trafikkvekst pga. gratisferjestrekningar som staten har innført?

Begrunnelse

Det beskrives landet over langs kysten ang den fylkeskommunale ferjedrifta, store utfordringar for gratisferjestrekningane med kraftig auke av gjenstående bilar.
Dette pga. kraftig auke av turistar som ønsker å reise på "gratiscruise" med ferjer, som på mange måtar lammar lokalsamfunn og spesielt næringslivet, der folk ikke kjem seg på jobb eller at næringslivet kjem seg på sine oppdrag.
Fylkeskommunane er på mange måtar "gissel" oppe i denne situasjonen, der det ikkje er økonomisk mulig å auke kapasiteten på ferjestrekningar som i dag er gratis, utan at staten kompenserar for ein slik kapasitetsauke, samt godkjenner og finansierar over rammeoverføringane innsetting av ekstra ferjemateriell.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har lagt til rette for gratis ferje på fylkeskommunale ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg og til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet. Regjeringa har også lagt til rette for reduserte takstar på alle øvrige ferjesamband. Innføringa av gratis ferje og reduksjonen i ferjetakstane har blitt kompensert gjennom fleire aukingar av rammetilskotet i perioden 2021–2025.
Fylkeskommunane har ansvaret for finansieringa av ferjedrifta på fylkesvegferjene. Fylkeskommunane må sjølv vurdere korleis dei frie midlane dei mottar skal brukast og korleis ferjetilbodet skal utformast. Regjeringa har opna for at den enkelte fylkeskommune kan ta betaling i enkelte gratissamband dersom dette er grunna i særskilte trafikale forhold.
Dersom det på sikt blir behov for å auke overføringane til ordninga for gratis ferje gjennom auka rammer til fylkeskommunane, vil dette måtte skje gjennom dei ordinære budsjettprosessane.