Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:780 (2024-2025)
Innlevert: 07.01.2025
Sendt: 07.01.2025
Besvart: 10.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva forventa kostnadsvekst som påløper for folkekommunene no når regjeringa har krevd nullutslipp for alle nye ferjeanbud, og kan samferdselsministeren legge fram kva berekna kostnadsvekst staten forventer for eit anbud for ei normal 120 bilers ferje?

Begrunnelse

Statsråden skriver i svar ang kostnadsveksten innan riksvegferjene følgjande:

"Generell prisauke, innføring av nullutsleppsteknologi på fem samband, årlege svingingar i tilskotsnivå i inngåtte kontraktar, samt mindre tilbodsendringar har også bidrege til kostnadsveksten."

Kostnadsauken er stor med bakgrunn i kravet om nullutslippsteknologi for ferjekontraktene. Det er no frå regjeringa stilt krav til nullutslippsteknologi for alle nye ferjekontrakter i offentlige anbud frå og med 1/1-2025.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa innførte krav om nullutslepp for oppdragsgjevarar som inngår kontrakt om ferjer og ferjetenester frå 1. januar 2025. Kravet er innført med eit sett med unntak. Eit av unntaka seier at det må vere teknisk og økonomisk gjennomførbart å følgje kravet. Etter ei heilskapleg vurdering blei det satt ein terskelverdi på 6 000 kroner per tonn redusert CO₂-ekvivalentar for kva som reknast som økonomisk gjennomførbart under kravet. Dersom meirkostnaden for oppdragsgjevaren overstig terskelverdien vert kravet vurdert som ikkje økonomisk gjennomførleg. I statsbudsjettet for 2025 er det løyva 50 millionar kroner for økonomisk kompensasjon til fylkeskommunane som følgje av kravet. Kompensasjon for meirkostnader vil bli justert årleg for å reflektere meirkostnadene ved å innføre kravet. Kompensasjon som følgje av kravet kjem i tillegg til dei midla som har vore særskilt fordelt til nullutsleppsferjer og hurtigbåtar sidan 2021. I 2025-budsjettet utgjorde dette 115 millionar kroner.
Den årlege meirkostnaden som følgje av kravet vil avhenge av kva for samband som vert lyst ut i dei enkelte år. Samferdselsdepartementet har gitt Menon i oppdrag å levere oppdaterte tal for meirkostnadene for fylkeskommunane som følgje av nullutsleppskravet. Departementet vil motta rapport frå Menon ved utgongen av januar og vil bruke dette inn mot dei årlege budsjettmessige justeringene.
Ferjesambanda varierer etter kva grad høva ligg til rette for drift med nullutslepp og kor mykje det kostar å omstille desse til nullutsleppsferjer. Storleiken på ferja, ferjestrekninga og tilgong på straum er nokre av faktorane som driver meirkostnadene. Meirkostnaden for ei typisk ferje med kapasitet på 120 personbilar vil i liten grad vere treffande for dei meirkostnadene som følgjer av kravet.