Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1443 (2020-2021) Innlevert: 26.02.2021 Sendt: 01.03.2021 Besvart: 05.03.2021 av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen
Geir Pollestad (Sp): Stortinget løyva, som ein del av krisepakka for å skaffe aktivitet i Noreg, 110 millionar kroner til eit nytt skip for Havforskningsinstituttet. Ein skulle tru at målet med krisepakkane var å gje aktivitet ved norske verft og styrke den martime næringa i Noreg. I staden hamna bygginga av skipet i Holland. Korleis kan regjeringa nytte pengar frå krisepakka til å skape aktivtitet i utlandet?
Odd Emil Ingebrigtsen: Regjeringa har i 2020 og i statsbudsjettet for 2021 lagt fram ei rekkje tiltak for å hjelpe norsk næringsliv generelt, og for verftsindustrien og øvrig maritim sektor spesielt, som følgje av koronasituasjonen. I Prop. 127 S (2019-2020) la regjeringa fram ei verftspakke med oppgradering, bygging og vedlikehald av fartøy for Havforskingsinstituttet, Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) og Sjøforsvaret og utstyr til kontrollfartøy for Fiskeridirektoratet. Eitt av formåla med verftspakka var å auke den totale mengda oppdrag norske verft kunne konkurrere om. Verdien av verftspakka er 744 millionar kroner i perioden 2020-2024. Kontrakt for skipsteknisk oppgradering av Sjøforsvarets Skjoldklasse-korvetter er tildelt verftet UMOE Mandal. Alle kontraktane knytt til oppgradering og vedlikehald av forskingsfartøy for Havforskingsinstituttet har gått til norske leverandørar. Havforskingsinstituttet har i 2020 tildelt oppdrag til Kongsberg Maritime for levering av fire sjølvgåande forskingsfarkostar.I verftspakka vart det sett av 110 mill. kroner til bygging av eit nytt kystgåande forskingsfartøy. I desember 2020 vart kostnadsramma auka til inntil 128 mill. kroner ved at Havforskingsinstituttet kan omdisponere innafor eigne løyvingar ved bruk av budsjettfullmakter.Havforskningsinstituttet opplyser at dei i den grad det er mogleg innafor regelverket for offentlege anskaffingar, har lagt til rette for at kontrakten skulle havne i Noreg. Mellom anna vart det stilt krav om at tilboda skulle leverast på norsk. Eg har full tiltru til Havforskingsinstituttet si handtering av anskaffinga. Proteksjonistiske tiltak er ikkje i tråd med regjeringa si politikk, og EØS-regelverket gir heller ikkje høve til å forbeholde oppdrag til norsk industri, utanom i spesielle tilfeller. For regjeringa er det prioritert å leggje til rette for at norsk, maritim næring kan halde fram med å liggje i tet i utviklinga av ny teknologi, og hevde seg i ein internasjonal marknad.Næringsministeren har sett i gang ein ekstern verftsstudie, der vi vil få ein grundig analyse av norsk verftsnæring for å få ein pekepinn på kor næringa kan vere mest konkurransedyktig. Det vil gi betre kunnskap om situasjonen til verftsnæringa og eit betre grunnlag for politikkutforminga.