Jenny Klinge (Sp): Romsdals Budstikke har laga ei nyttig oversikt over bruken av strafferabatt i ulike saker i distriktet til Romsdal tingrett i åra 2016-2019. Denne viser at gjerningspersonen særleg i saker med vald og overgrep mot ungar får relativt stor strafferabatt.
Kan justisministeren gi ei oversikt over bruken av strafferabatt dei siste åra i alle delar av landet, og viss ikkje, er dette ein type oversikt ho meiner bør kunne lagast framover?
Begrunnelse
Etter 2016 har dommarane skrive meir nøye kor stor del av strafferabatten som blir gitt for tilståelsen og kva som blir gitt for til dømes liggetid og lang saksbehandlingstid. Det er slik eg forstår særleg rein liggetid som skal gi strafferabatt. Ved ca. eitt år eller lenger liggetid til saman (som ikkje den domfelte kan lastast for), skal det bli gitt strafferabatt. Eg stiller spørsmålet fordi eg meiner det kan vera nyttig å vita kor mykje strafferabatt som blir gitt på grunn av manglande kapasitet i etterforsking og påtale, for igjen å kunne få eit betre grunnlag for å vita kva grep ein må ta for å få unna sakene. Målet må vera å unngå at det blir gitt strafferabattar på grunn av unødvendig lang liggetid, fordi dette er til ulempe for alle partar i ei straffesak, og særleg for offeret. Det er sørgjeleg at det nettopp er i saker med vald og overgrep mot ungar at Romsdals Budstikke har funne utstrakt bruk av strafferabatt overfor gjerningspersonen.