Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1194 (2019-2020)
Innlevert: 09.03.2020
Sendt: 09.03.2020
Besvart: 17.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): Hva statsråden vil foreta seg for å sikre fylkeskommunene tilstrekkelig ressursgrunnlag og kompetanse for følge opp målene for kulturminner og fartøyvern?

Begrunnelse

Viktige deler av kulturminnevernet ble overført fra Riksantikvaren (RA) til fylkeskommunene fra 01.01.20. Dette er ei oppfølging av regionreformen. Spørsmålsstiller har i den siste tida mottatt en rekke bekymringsmeldinger fra fylker og frivillige vernemiljøer om manglende oppfølging av dette arbeidet. Eksempelvis rapporterer Viken fylkeskommune at

«Vikens behov er, med Riksantikvarens egen bemanningsmal for fylkeskommunene, beregnet til fem årsverk. I 2020 får vi overført 292 000 kr, eller snaut en tredels årsverk. Over tre år øker dette til i alt halvannet til to årsverk, eller om lag 30 % av behovet.»

Når det gjelder fartøyvernet vil nå også ansvaret for freda fartøyer (gjelder 15 fartøyer) bli overført til fylkeskommunene. I alt var 258 fartøyer på RAs verneliste i 2018. En rekke av disse fartøyene, eksempelvis store stålfartøyer, er svært ressurskrevende å holde vedlike. De frivilliges innsats er her av avgjørende betydning. Interesseorganisasjonen Norsk forening for Fartøyvern (NFF) organiserer ca. 200 verneverdige fartøyer, som igjen driftes av 10 000 entusiaster. Organisasjonen uttaler følgende:

«NFF er bekymret for at ansvaret for de fredete fartøy går fra statlig til fylkesnivå. Vi mener at enkelte fartøy kan ha høy nasjonal verdi og at det i disse tilfellene er viktig med en nasjonal helhetlig tankegang når det gjelder fartøyvern.»

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er kjent med at fleire fylkeskommunar har uttalt at det er utfordringar knytte til eigen kapasitet til å løyse dei nye oppgåvene på kulturminnefeltet som følgje av regionreforma. Eg vil følgje utviklinga nøye, m.a. gjennom den følgjeevalueringa Riksantikvaren har sett i verk. Eg vil dessutan gi tilbakemelding til Stortinget om resultata av reforma i dei årlege budsjettproposisjonane. Dette er i samsvar med det tidlegare klima- og miljøminister Elvestuen svarte Stortinget den 18. oktober 2019 på skriftleg spørsmål frå representanten Jorid Juliussen Nordmelan (Dokument nr. 15:57 (2029-2020)) om same tema som blir no tatt opp.

Kulturminnevernet inngår som eit viktig element og ressurs i den styrkte samfunnsutviklarrolla som fylkeskommunane skal ha ved regionreforma. Fylkeskommunane har fått nye oppgåver, men også nye moglegheiter som dei synest å ta til seg. Riksantikvaren skal dei første åra dessutan bruke ekstra ressursar på generell rettleiing til fylkeskommunane, men også gi bistand og faglege råd i enkeltsaker der fylkeskommunen treng det.

Fylkeskommunane får i all hovudsak midla sine gjennom rammetilskotet frå inntektene til staten. Rammetilskot gir, i motsetning til øyremerkte middel, fylkeskommunane handlingsrom. Fordeling av midla på kulturminneområdet er ikkje nødvendigvis fullt ut i samsvar med behovet frå den enkelte fylkeskommune, men i sum og over tid vil dette jamne seg ut. Det ligg i regionreforma òg ein føresetnad om at gitte oppgåver kan løysast på ulike måtar i dei ulike fylkeskommunane. Ressursbruken i fylkeskommunane vil og ha samanheng med korleis kulturminneforvaltninga der er organisert.

Når det gjeld fartøyvernet har fylkeskommunane frå 2020 fått mynde for dei 15 fartøya som er freda. Dei 15 fartøya er fordelte på sju fylke. Fartøya er godt dokumenterte i forkant av fredingane, og saman med Riksantikvaren si tidlegare behandling av tiltak på og tilskot til desse fartøya, får fylkeskommunane tilgang til eit godt kjeldemateriale for den vidare forvaltninga. Saman med den faglege bistanden Riksantikvaren kan gi, meiner eg at forholda er lagt godt til rette for fylkeskommunane si vidare forvaltninga av dei freda fartøya. I kompetansebygging over tid og fylkeskommunane si prioritering av ressursbruk innanfor regelverket, kan dette feltet òg vere eigna til interkommunalt samarbeid. Til liks med kva som gjeld andre freda kulturminne fylkeskommunane har ansvar for, tviler eg ikkje på at fylkeskommunane si forvaltning av fartøya tek omsyn til den nasjonale verdien deira.

Tilskotsforvaltninga innan kulturminneforvaltninga – òg innan fartøyvernet – blir overført til fylkeskommunane frå og med 2021. Riksantikvaren vil fordele tilskota mellom fylka, og på den måten halde oppe ei heilskapleg forvaltning av den økonomiske bistanden til fartøya. Utover vanlege budsjettatterhald, er det ikkje lagt opp til å endre tilskotsnivået innanfor dei eksisterande tilskotsordningane. Ved overføringa av tilskotsforvaltning på område fylkeskommunen ikkje har hatt tidlegare, må det frå 2021 finnast tilstrekkeleg rettleiing til fylkeskommunane frå Riksantikvaren, og system for slik saksbehandling.