Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:449 (2019-2020)
Innlevert: 02.12.2019
Sendt: 02.12.2019
Besvart: 09.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): I svar til meg 05.04.2019 skriver statsråden at det pågår et prosjekt, Kortreist stein, der statsråden forventer å få fram resultater som raskt kan øke bruken av lokale masser.
Er prosjektet ferdig, og hvilke tiltak vil statsråden sette i verk for forenkling og økt bruk av lokale masser, pluss lettere tilgang på massemottak lokalt?

Begrunnelse

Det er utfordringer med å skaffe til veie lokale masser, noe som har ført til at masser må hentes fra andre steder i landet. Det igjen medfører en økning i bruken av skip og lastebiltrafikk, noe som er uheldig sett i lys av trafikksikkerheten og i forhold til klimapolitikken. 14 % av medlemsbedriftene til Maskinentreprenørenes forbund (MEF) har svart at de har problemer med å skaffe til veie lokale masser. I tillegg melder 22 % av bedriftene at de ikke har tilgang til godkjente massemottak. Ifølge disse tallene er utfordringene spesielt store i Midt- og Nord-Norge. I et miljøperspektiv er det ikke smart å kjøre langt for å deponere rene masser.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til at prosjektet Kortreist stein no er avslutta, og sluttrapport for prosjektet er å finne på kortreiststein.no. Alle rapportar frå prosjektet blir lagt ut på denne nettsida i løpet av desember.
Kortreist stein har utarbeidd rettleiingar og tilrådingar knytt til planprosessar, ressursforvalting, kontraktsforhold, materialutnytting og miljø som kan gje bransjen ny kunnskap og motivasjon for auka bruk av lokale steinmassar.
Prosjektet tilrår at planorgana brukar plan- og bygningslova meir aktivt ved å setje krav til utnytting av overskotsstein. Kvaliteten på overskotsstein må vurderast tidleg, og det må leggjast til rette for sortering, mellomlagring og bruk av byggeråstoff og overskotsmassar.
I store samferdselsprosjekt bør ein bruke kontraktar som sikrar at byggherre, entreprenør og rådgjevar har som felles mål å bruke mest mogleg lokal stein.
Gjennom prosjektet er det utarbeidd eit verktøy for livssyklusanalyse. Verktøyet kan brukast til å vurdere klima- og miljøpåkjenningar knytt til utnytting av høgverdige steinmassar i samferdselsprosjekt.
Eg ventar at funna frå prosjektet blir tekne i bruk ved planlegging av nye prosjekt, slik at ressursar frå tunnelar og bergskjeringar i størst mogleg grad blir nytta som byggeråstoff. På denne måten blir pågangen på lokale massemottak redusert, og samferdselsprosjekta vil legge mindre beslag på avgrensa eksterne byggeråstoffressursar.
Utfordringane knytt til tilgangen på lokale mottak er i stor grad styrt av dei lokale planorgana. Kommunane bør ta i bruk rettleiingar og tilrådingar som er utarbeidde i Kortreist stein og legge til rette for mellomlagring av massar lokalt.