Skriftlig spørsmål fra Tove-Lise Torve (A) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1842 (2018-2019)
Innlevert: 12.06.2019
Sendt: 13.06.2019
Besvart: 20.06.2019 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Tove-Lise Torve (A)

Spørsmål

Tove-Lise Torve (A): Vil statsråden sørge for at Høgskulen i Volda får klarsignal før sommaren om at dei kan starte bygginga av det nye mediehuset?

Begrunnelse

Medieutdanningane ved Høgskulen i Volda har heilt sidan 1970-åra vore attraktive i nasjonal samanheng. Nasjonalt er det verdifullt at mediestudentar kan lære seg mediefag utanfor dei store byane og dermed få nærkontakt med spørsmål som er viktige sett frå eit regionalt perspektiv. Det treng Noreg.
Det sterke mediefaglege miljøet i Volda er ein særs viktig aktør innanfor kringkasting og digital formidling. Tidsriktige og moderne lokale har stor betyding for fagmiljøet og attraktiviteten hos studentane. Det er difor bestemt at det skal byggast eit nytt mediehus ved høgskulen. Både for å samle medieutdanningane under eitt tak, for å møte konkurransen frå andre utdanningar og ikkje minst for å få eit godt grep om den raske utviklinga som skjer i media. Alt er klar for byggestart. Husleiga blir finansiert av høgskulen sjølv gjennom ordninga for kurantprosjekt.
Det einaste høgskulen no ventar på er klarsignal frå regjeringa.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Brukarfinansierte byggeprosjekt (tidlegare kalt kurantprosjekt) med ei styringsramme over 100 mill. kroner må leggjast fram for regjeringa for godkjenning før Statsbygg kan få i oppdrag å starte byggearbeidet. Dette gjeld også for prosjektet i Volda. Kunnskapsdepartementet har hatt ein god og konstruktiv dialog med Høgskulen i Volda og Statsbygg om arbeidet med å prosjektere det nye mediebygget. Saka er no til vidare handsaming i Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Når ei avgjerd er fatta, vil den bli kunngjort på egna måte.