Ingrid Heggø (A): Regjeringa har foreslege at det vert innført nye plikter for arbeidsgjevar når tilsette mottek tips. Det har oppstått behov for presisering vedrørande om arbeidsgjevar kan forby dei tilsette å ta imot tips, om tips skal inngå i grunnlaget for feriepengar, pensjon og sjukepengegrunnlag, og om arbeidsgjevar kan trekke frå auka kostnader i tipspengane før det vert trekt skatt og utbetalt.
Kan finansministeren klargjere arbeidsgivar sine nye plikter og administrative byrder pga. foreslegne endra plikter vedrørande skatt på tips?
Begrunnelse
Tips er også i dag skattepliktig inntekt, men det er svært liten innrapportering av mottekne tipspengar. Regjeringa sitt framlegg til endra plikter for arbeidsgjevar vil heilt klart pålegge arbeidsgivar aukte administrative byrder, men tettar også skattehol. Spørsmålet mitt går på behovet for klargjering eller endring av eventuelle lover og forskrifter. Det er fleire arbeidsgjevvarar som har etterlyst bla om det er mulig å nekte personalet å motta tips, eventuelt kontanter, og også om arbeidsgiver kan trekke frå meirutgiftene før innrapportering. Dersom tips skal inngå i feriepengegrunnlaget, sjukelønsordning og pensjon er det fint å få det klarlagt og om alt lovverk og forskrifter er på plass eller kva endringar som må til.