Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Interpellasjon fra Geir Jørgensen (R) til klima- og miljøministeren

Interpellasjon nr. 35 (2025-2026)
Rettleiaren til vassforskrifta § 12 seier i punkt 3.1 at det berre er forringing når heile vassførekomsten fell ein tilstandsklasse. EU-domstolen slo i 2015 fast at det er nok at eitt kvalitetselement fell ein klasse. Ligg elementet alt i lågaste klasse, er all vidare forverring forringing. EU har no skrive dette inn i vassdirektivet. Klima- og miljødepartementet skreiv 27. august 2026 til EFTAs overvakingsorgan at punkt 3.1 er uklart, og at rettleiaren skal oppdaterast. Rettleiaren blir brukt i konsekvensutgreiingar i saker som er til handsaming no. Departementet har ikkje sagt kva som gjeld fram til oppdateringa, eller kva som skjer med vedtak som kan byggje på feil terskel. Kva vil statsråden gjere for å sikre at vedtak som er gjorde, og saker under handsaming, byggjer på rett forståing av forringingsforbodet?
Oversendt regjeringen: 28.09.2026
Til behandling

Geir Jørgensen (R)

Spørsmål

Geir Jørgensen (R): Rettleiaren til vassforskrifta § 12 seier i punkt 3.1 at det berre er forringing når heile vassførekomsten fell ein tilstandsklasse. EU-domstolen slo i 2015 fast at det er nok at eitt kvalitetselement fell ein klasse. Ligg elementet alt i lågaste klasse, er all vidare forverring forringing. EU har no skrive dette inn i vassdirektivet. Klima- og miljødepartementet skreiv 27. august 2026 til EFTAs overvakingsorgan at punkt 3.1 er uklart, og at rettleiaren skal oppdaterast. Rettleiaren blir brukt i konsekvensutgreiingar i saker som er til handsaming no. Departementet har ikkje sagt kva som gjeld fram til oppdateringa, eller kva som skjer med vedtak som kan byggje på feil terskel.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at vedtak som er gjorde, og saker under handsaming, byggjer på rett forståing av forringingsforbodet?