Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Interpellasjon nr. 42 (2024-2025)
Om statsråden vil sørge for fortgang i planane om å gjere Sognefjorden til marint verneområde, og om kva andre tiltak statsråden vil ta initiativ til for å redde livet i fjordane ut frå den nye kunnskapen vi no har fått.
Oversendt regjeringen: 09.04.2025
Besvart: 06.05.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Ein ny rapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning) syner at norske fjordar er på veg inn i ein kritisk miljøtilstand. Det har lenge vore kjent at situasjonen i Oslofjorden er alvorleg. Temperaturauke som følgje av klimaendringar og utslepp frå mellom anna kloakk og avrenning frå jordbruk går ut over oksygenkonsentrasjonen i vatnet. Det fører til auka algevekst, som bruker opp det som er igjen av oksygen. Den nye rapporten syner at den same krisa er i ferd med å ramme fjordane også på Vestlandet. Rapporten slår alarm om at Noregs lengste og mest ikoniske fjord, Sognefjorden, held på å døy. Det same gjeld truleg mange andre fjordar langs kysten vår.
Vil statsråden sørge for fortgang i planane om å gjere Sognefjorden til marint verneområde, og kva andre tiltak vil statsråden ta initiativ til for å redde livet i fjordane ut frå den nye kunnskapen vi no har fått?

Les hele debatten