Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa sikre heile befolkninga i landet tilgang til raskt breiband (minimum 100 Mbit/s) gjennom å auke staten sine løyvingar til breibandsutbygging og innføre offentleg leveringsplikt i område der det ikkje er grunnlag for kommersiell utbygging.
Stortinget ber regjeringa vidareføre Nasjonalt velferdsteknologiprogram med mål om at velferdsteknologi skal bli ein integrert del av helse- og omsorgstenestene innan 2025, og legge ein slik plan fram for Stortinget. Programmet må omfatte tilskotsordningar og tiltak for at velferdsteknologi kan rullast ut i alle kommunar, auka digital kommunikasjon mellom pasient og helseteneste, involvere frivilligheit og ideelle organisasjonar og tiltak for styrkt digital kompetanse i befolkninga og hindre digitalt klasseskilje.