Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det sokalla "infrastrukturkravet" i Grunnlova § 100 sjette leddet om at styresmaktene har plikt til å "leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte" er no blitt forankra i føremålsparagrafen i kulturlova § 1, der også prinsippet om armlengds avstand er blitt lovfesta. Ny § 2 a Avstand til politiske styresmakter, er ein konkret rettsregel for tilfelle der avgjerder heilt eller i hovudsak blir fatta på bakgrunn av kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn. Innanfor fastsette økonomiske og juridiske rammer og overordna mål skal slike avgjerder treffast av personar med relevant fagkompetanse og uavhengig av politiske styresmakter. § 4 nytt andre ledd er ei føresegn om fylkeskommunal og kommunal planlegging på kulturfeltet, som pålegg fylkeskommunar og kommunar å utarbeide ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov som grunnlag for planarbeidet. Dessutan gir føresegna pålegg til fylkeskommunar og kommunar om å fastsetje overordna mål og strategiar for kulturfeltet.
Lovsaken er ferdigbehandlet
Første behandling:
Voteringsoversikt
Innstilling avgitt 04.03.2025
Behandlet andre gang i Stortinget 25.03.2025