Bakgrunn
Mange verksemder i Noreg står føre betydelege endringar
som følgje av at CO2‑avgiftene vert trappa opp. Føremålet
med avgiftene er å bidra til utsleppsreduksjonar gjennom å gjere
det meir lønsamt å ta i bruk teknologiar og energiberarar med lågare
eller ingen klimagassutslepp. For næringslivet inneber dette eit insentiv
til omstilling, men òg ulike grader av økonomiske og praktiske utfordringar.
For enkelte bedrifter kan høvet til omstilling
vere avgrensa. Det finst verksemder som i dag ikkje har tilgang
på alternative energiberarar som elektrisitet, biogass eller andre
lågutsleppsløysingar, anten som følgje av kapasitetsutfordringar
i energinettet, manglande infrastruktur, avgrensa tilgang på nødvendige
innsatsfaktorar eller teknologiske flaskehalsar. I andre tilfelle
kan tilgjengelege alternativ vere teknisk mogelege, men knytte til
svært høge investeringskostnader eller driftsmessige konsekvensar
som gjer ein rask overgang krevjande.
Slike strukturelle tilhøve gjer at effekten
av CO2‑avgifta kan variere monaleg mellom sektorar og
regionar. Enkelte verksemder kan stå overfor kostnader som dei i avgrensa
grad kan påverke, og som potensielt kan ha verknad for konkurranseevne,
arbeidsplassar og lokal verdiskaping.
Vartdal plast er eit døme på ei verksemd som
i dag står framfor betydelege utfordringar knytte til CO2‑avgifta.
Selskapet har anslått at avgiftsbelastninga kan overstige 60 mill.
kroner dei komande åra, samstundes som dei ikkje får tilgang på
tilstrekkeleg elektrisk kraft til å erstatte dagens gassbaserte
produksjonsprosessar. Manglande nettkapasitet gjer det dermed umogeleg
for bedrifta å gjennomføre utsleppskutt.
Med bakgrunn i situasjonen til mellom anna Vartdal
plast bør det greiast ut ei ordning for kompensasjon av CO2‑avgift
for bedrifter som ikkje har reelt høve til å omstille seg bort frå
bruk av fossile energiberarar, anten på grunn av manglande tilgang
på alternative energikjelder eller fordi omstillinga vil vere for
kostbar.
Som del av utgreiinga bør ein vurdere både kvar
ei slik ordning bør vere plassert, til dømes i verkemiddelapparatet,
korleis ho bør utformast og kor omfattande ho bør vere. I arbeidet
skal ein ta omsyn til norsk konkurranseevne, risikoen for karbonlekkasje
og omsynet til rettferdig konkurranse.