Representantforslag om å betre offentleg fødselsomsorg og forebygging av heimefødslar utan kvalifisert hjelp

Dette dokument

  • Representantforslag 272 S (2024–2025)
  • Fra: Kjersti Toppe, Sigbjørn Gjelsvik, Kathrine Kleveland, Marit Knutsdatter Strand og Siv Mossleth
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Det er mykje god helse i god fødselsomsorg. Ei god svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er viktig for kvinner si helse, for familien og for å gi barn ein god start på livet. Svangerskaps-, fødsels- og barseltilbodet i Noreg gir gode resultat for mor og barn. Registrerte fødselsskadar er redusert, og det er trygt å føde.

Planlagd heimefødsel har ikkje vore ein del av det offentlege tilbodet, men er tilbydt av privatpraktiserande jordmødre. Helsedirektoratet har i den nasjonale retningslina for fødselsomsorga ei tilråding om at helseføretaka kan gi tilbod om heimefødsel der forholda ligg til rette for det. Det er ingen pasientrettigheit å få tilbod om heimefødsel. Det er om lag 250 planlagde heimefødslar i året, medan like mange blir fødde uplanlagt utanfor sjukehus, under transport osv.

Denne vinteren har det vore ein offentleg debatt i Noreg om at enkelte kvinner vel å føde heime utan jordmor eller kvalifisert helsepersonell til stades, såkalt «fri fødsel». I sosiale medium er det både norske og utanlandske frifødselsnettverk som uttrykker at dei ønskjer heimefødsel utan kvalifisert helsepersonell. Helsedirektoratet har klart frarådd dette. Forslagsstillarane ser med bekymring på denne utviklinga og reagerer på at ein også kan sjå personar som reklamerer for at dei er fødselshjelparar utan å vere autorisert helsepersonell. Konsekvensane kan vere store for både mor og barn. Dødsfall hos nyfødde barn er allereie blitt knytt til uassistert heimefødsel, og saker om dette er under etterforsking.

Ifølge tal frå Medisinsk fødselsregister skjer det få planlagde uassisterte fødslar i Noreg. Sidan 2020 har dei i gjennomsnitt berre registrert fire til fem slike fødslar i året. Ifølge ein studie frå 2020 (Nordheim, Nordstrøm, Oslo Met) er det i hovudsak tre grunnar til at kvinner vel uassistert heimefødsel:

  • Misnøye med dagens fødselsomsorg

  • Eit utilstrekkeleg heimefødselstilbod

  • Stor tillit til kvinners eiga evne til å føde

Studien viste at fleire av kvinnene hadde født på sjukehus tidlegare og gjerne ville hatt med ei jordmor under fødselen, men det låg ikkje til rette for det. Dei opplevde sjukehuset som ein stad kor det ikkje var rom for individuell omsorg. Kvinnene hadde ikkje tillit til sjukehusa og måten fødande blir møtte og behandla på. Dei meiner dagens fødetilbod er fragmentert og at ein difor ikkje kjenner dei som skal vere med på fødsel fordi ein møter forskjellige personar i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga.

Forslagsstillarane viser til at organisasjonen Barselopprøret i fleire år har kritisert det norske fødetilbodet. Dei meiner noko må gjerast for å imøtekomme behova til dei kvinnene som er misfornøgde med fødselsomsorga eller det mangelfulle heimefødselstilbodet.

Forslagsstillarane meiner at det som kjem fram i denne studien frå 2020, er i tråd med brukarerfaringane mange norske kvinner har. Forslagsstillarane viser til at knapp bemanning og kort liggetid kan gi kvinner lite ro og dårleg oppfølging. Jordmorkapasiteten i kommunen må vere tilstrekkeleg for å fylle dei behova som følgjer av kortare liggetid ved sjukehus etter fødsel. Kvinner i barsel skal få god oppfølging og tilstrekkeleg tid på sjukehus ved fødsel. Kort liggetid på sjukehus må vere kvinnas eige val.

Ei utvikling der fleire vel heimefødsel på grunn av dårlege erfaringar etter å ha født på sjukehus tidlegare, er bekymringsfull og ei fallitterklæring for det offentlege tilbodet. Særleg bekymringsfullt er signala om at fleire kan velje uassistert fødsel utan helsepersonell til stades. Ein treng no å reetablere tilliten til norsk fødselsomsorg, som det føretrekte og trygge alternativet for fødande kvinner og barn. Det er også behov for å regulere i lov at fødselshjelp ikkje skal kunne gis av andre enn dei som er autorisert helsepersonell.

Noreg skal ha ei fødselsomsorg i verdsklasse når det gjeld kvalitet og medisinsk resultat, men som også møter og behandlar føde- og barselkvinner på ein trygg og respektfull måte, og som tek føde- og barselkvinners behov på alvor.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa styrke den offentlege fødselsomsorga gjennom å fremme ein handlingsplan, som skal utarbeidast på bakgrunn av den nasjonale undersøkinga av erfaringane til brukarar av svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Handlingsplanen skal ha som mål å sikre tilliten til det offentlege føde- og barseltilbodet.

  2. Stortinget ber regjeringa sikre at éin-til-éin-oppfølging av kvinner under aktiv fase av fødselen blir ei rettigheit alle fødande kvinner har, og sørge for ei bemanning av fødetilbod som legg til rette for dette.

  3. Stortinget ber regjeringa gjennomføre ein opplysningskampanje i befolkninga om kvifor fødslar ikkje må planleggast utan helsepersonell til stades, og opplyse om risikoen ved uassisterte heimefødslar.

  4. Stortinget ber regjeringa legge fram forslag om å endre lov om alternativ behandling ved sykdom mv. slik at det blir lovfesta at fødselshjelp ikkje skal kunne gis av andre enn autorisert helsepersonell, jordmor og lege.

  5. Stortinget ber regjeringa sikre eit desentralisert fødetilbod og følgeteneste til sjukehus for fødande med meir enn éin times reiseveg, og legge fram sak for Stortinget på eigna måte.

10. april 2025

Kjersti Toppe

Sigbjørn Gjelsvik

Kathrine Kleveland

Marit Knutsdatter Strand

Siv Mossleth