Dette dokument

  • Representantforslag 259 L (2024–2025)

Merknader

Midlertidig versjon

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Den nye språklova tok til å gjelde 1. januar 2022. I føremålsparagrafen § 1, er det slått fast at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Lova er historisk og opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie: Det offentlege skal særskilt styrkje nynorsken og jamne ut dei skeive tilhøva mellom nynorsk og bokmål. Diverre følgjer ikkje resten av lova opp dei viktige måla i føremålsparagrafen, og lova kunne vore endå betre for nynorsken.

Oppfølging av forslag frå Innst. 253 L (2020–2021)

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fann i opposisjon saman om fem forslag til endringar i forslaget til språklov som Solberg-regjeringa la fram i Prop. 108 L (2019–2020). Desse endringane ville ha styrkt språklova.

Desse forslaga gjekk ut på 1) at det berre er i intern sakshandsaming som reglane i språklova §§ 12 til 18 gjeld (endring i § 3), 2) at statsorgan skal krevje at tilsette skriv både bokmål og nynorsk i arbeidet, og at fylkeskommunar kan krevje det same (endring i § 16), 3) at også organisasjonar skal kunne klage på vegner av den som har motteke visse typar dokument på feil skriftspråk (endring i § 17), 4) at Språkrådet også skal føre tilsyn med korleis fylkeskommunar etterlever reglane i språklova om bruk av bokmål og nynorsk (endring i § 19), og 5) at også fylkeskommunar skal ha plikt til å sende rapportar til Språkrådet om bruk av bokmål og nynorsk.

Forslagsstillarane viser til grunngjevingane og merknadene i Innst. 253 L (2020–2021) til dei endringsforslaga som vart fremja der.

Vidareføring av regelen i målbruksforskrifta § 5 tredje ledd tredje punktum

Då språklova 1. januar 2022 tok til og gjelde, og mållova samstundes vart oppheva, heldt forskrifter gjevne med heimel i mållova likevel fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med innhaldet i språklova, jf. språklova § 21. I juni 2022 sende Kultur- og likestillingsdepartementet eit forslag til forskrift til språklova på høyring. Departementet gjorde forslag om å oppheve alle forskriftene som var gjevne med heimel i mållova fordi «[i]nnhaldet i desse forskriftene er no teke inn i språklova eller i dette forslaget til forskrift til språklova».

I høyringa kom det til syne arbeidsuhell frå departementet si side. Det viste seg at den plikta sentrale statsorgan har til å skrive med regionale statsorgan på fleirtalsskriftsspråket i deira tenestekrins, i realiteten blir oppheva når ein ser språklova og forslaget til ny forskrift samla. Den aktuelle regelen finst framleis i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste (målbruksforskrifta) § 5 tredje ledd tredje punktum (markert i kursiv under):

«Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale. Eit sentralt statsorgan som skriv til eit anna språkleg nøytralt organ, står fritt i val av målform. I skriv til eit regionalt statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv til det lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. »

Å oppheve denne regelen bryt med intensjonen til lova og kan umogleg ha vore tilsikta. I praksis forsvinn kravet om at til dømes eit departement må skrive nynorsk til Statsforvaltaren i Vestland eller Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, eller at til dømes Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet må skrive nynorsk til ein tingrett eller ein politistasjon som har nynorsk som fleirtalsskriftsspråk i tenestekrinsen sin. Dette vil forslagsstillarane bøte på ved å føreslå å ta inn regelen i språklova § 13.

Oppretting av tilsynelatande arbeidsuhell i språklova § 11 første ledd

Forslagssstillarane føreslår her også å rette opp eit tilsynelatande arbeidsuhell i språklova § 11 første ledd. I paragrafen står det at «[e]in kommune eller ein fylkeskommune sjølv» kan vedta å krevje at staten skal bruke berre nynorsk eller bokmål i skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen. Ein tilsvarande regel fanst i mållova § 5 første ledd, men der var det «kommunestyret» eller «fylkestinget» som var omtalte. I Prop. 108 L (2019–2020) på side 124 og 154 er det uttalt at føremålet var å vidareføre innhaldet i regelen i mållova § 5 første ledd.

Oppsummering

Forslaga om endringar i språklova §§ 3, 16, 17, 19 og 20 vart fremja av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Innst. 253 L (2020–2021) og fekk støtte av Senterpartiet i Stortinget. For ordens skuld gjer forslagsstillarane merksam på at desse endringane tilsvarar forslag 6, 7, 9, 10 og 11 i Innst. 253 L (2020–2021), med somme reint redaksjonelle endringar.

Forslaget om endring i språklova § 13 går som nemnt ut på å bøte på det tilsynelatande arbeidsuhellet frå departementets side som ville føre til at den eksisterande regelen i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste § 5 tredje ledd tredje punktum blir oppheva dersom heile forskrifta skal opphevast. Regelen blir i staden teken inn i språklova § 13.

Forslaget om endring i språklova § 11 var som nemnt ikkje del av handsaminga av Prop. 108 L (2019–2020) i Stortinget. Forslaget tek sikte på å bøte på det som ser ut til å vere eit arbeidsuhell i departementet då proposisjonen vart utarbeidd.

Forslaget går vidare ut på at lovendringane skal gjelde frå og med 1. juli 2025.

Forslag

På denne bakgrunn fremmes følgende

forslag:
Vedtak til lov

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk (språklova) skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  1. kommunane

  2. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  3. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  4. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  5. intern sakshandsaming

Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir nye tredje og fjerde ledd.

§ 11 første ledd skal lyde:

Eit kommunestyre eller eit fylkesting kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.

§ 13 nytt fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 skal lyde:

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

§ 19 tredje ledd skal lyde:

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan og fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

§ 20 skal lyde:

Statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

10. april 2025

Kathy Lie

Ingrid Fiskaa

Marian Hussein