Representantforslag om å ta vare på villgeitene

Dette dokument

  • Representantforslag 95 S (2024–2025)
  • Fra: Mímir Kristjánsson, Tobias Drevland Lund og Sofie Marhaug
  • Sidetall: 1
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

På Kvist mellom Høyanger og Balestrand i Sogn finst det ein geiteflokk på om lag 50–60 geiter. Dei har vandra fritt i over 80 år. Likevel har Mattilsynet avgjort at geitene kan bli avliva etter 31. desember 2025, når dei blir overdradde til ein ny eigar.

Den opphavelege avgjerda har vorte klaga på, og sjølv om datoen for avlivinga vart utsett, kan dyra framleis bli avliva.

Avgjerda har vekt store reaksjonar lokalt. Statsforvaltaren i Vestland fylke har tidlegare peikt på at geitene har eit genmateriale som ein bør ta vare på.

Forslagsstillarane meiner at avgjerda frå Mattilsynet er uklok. Dei grunngjev ho med dyrevelferd, men forslagsstillarane meiner det er underleg å handsame geitene som husdyr når dei i praksis lever som villdyr. Forslagsstillarane synest dessutan at det er rart at Mattilsynet ikkje tek innspelet frå statsforvaltaren på større alvor.

Forslagsstillarane er overtydde om at det må gå an å finne ei betre løysing enn å avlive villgeitene.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa instruere Mattilsynet om å stanse avlivinga av villgeitene i Sogn og finne ei minneleg løysing med dei nye eigarane for å sikre dyrevelferda til villgeitene.

18. februar 2025

Mímir Kristjánsson

Tobias Drevland Lund

Sofie Marhaug