Representantforslag om å ta lokalbefolkninga på alvor ved justering av kommunegrenser

Dette dokument

  • Representantforslag 86 S (2024–2025)
  • Fra: Erling Sande, Geir Inge Lien, Heidi Greni, Jenny Klinge og Kathrine Kleveland
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

6. oktober 2022 blei det fremmja eit innbyggjarinitiativ om grensejustering mellom kommunane Ålesund og Aukra, med forslag om å overføre øyane Ona-Husøya og Sandøya i Ålesund kommune til Aukra kommune.

Som eit resultat av innbyggjarinitiativet kom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal med ei tilråding før jul 2024 om grensejustering, slik at Ona-Husøya og Sandøya skulle bli ein del av Aukra kommune. Øyane grensar ikkje til resten av Ålesund kommune, og det er vesentleg kortare reiseavstand til Aukra kommune. Dei 43 fastbuande innbyggjarane vil ikkje utgjere nokon vesensskilnad for Ålesund kommune med sine 58 500 innbyggjarar. I søknaden frå innbyggjarane, frå 2016, trekkjer dei fram at innbyggjarane rettar seg mot Aukra og Romsdalen med tanke på tenester og næringsliv, at Molde er nærmaste by, og at innbyggjarane kjenner ei tilknyting til Romsdalen i form av handel, språk, kultur og tradisjonar. Eit stort fleirtal av innbyggjarane, på 75 prosent, har i ei innbyggjarundersøking svart at dei ønskjer å bli ein del av Aukra kommune.

Den 7. februar 2025 varsla ny kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (Ap) at det likevel ikkje blir noka grensejustering for Sandøya og Ona-Husøya –dette etter at dåverande kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) veka før støtta tilrådinga frå Statsforvaltaren om grensejustering.

Senterpartiet er bekymra for signaleffekten ved å overkøyre eit slikt innbyggjarinitiativ som har fått sterk fagleg støtte. Senterpartiet er òg bekymra for innbyggjarane sitt reelle høve til deltaking i lokaldemokratiet i Ålesund, og høve til å påverke tenestetilbodet sitt. Dette på grunn av særs lang reiseveg målt i tid. Det vil i praksis vere eit hinder for deltaking i folkevalde organ som kommunestyre og formannskap. Statsforvaltaren trekkjer òg fram følgjande:

«At innbyggerne føler identitet og tilhøyrsle til sin kommune, vil i eit lokaldemokratisk perspektiv vere viktig. Det kan mellom anna ha betyding for innbyggarane si moglegheit for å påverke det kommunale tenestetilbodet. Sterk identitet og tilhøyrsle kan også ha betyding for kor aktivt innbyggarane deltek i lokaldemokratiet.»

Sjølv om Ålesund kommune har vore gjennom større omstillingar dei siste åra, der Haram blei tvinga inn i Ålesund før dei fekk «sleppe fri» att, så er det vanskeleg å sjå for seg at det vil vere ei stor påkjenning å miste desse 43 innbyggjarane.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa syte for at Ona-Husøya og Sandøya blir grensejusterte over til Aukra kommune, i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 6. desember 2024.

13. februar 2025

Erling Sande

Geir Inge Lien

Heidi Greni

Jenny Klinge

Kathrine Kleveland