Representantforslag om å avvikle normprisordninga ved fastsetting av grunnrenteskatt i havbruket

Dette dokument

  • Representantforslag 53 S (2024–2025)
  • Fra: Olve Grotle, Helge Orten, Nikolai Astrup, Liv Kari Eskeland, Mari Holm Lønseth, Erlend Svardal Bøe og Sveinung Stensland
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Bruk av normpris og eit prisråd ved fastsetting av skatteavrekningsprisar ved grunnrenteskatt i havbruksnæringa, og behovet for å avvikle denne ordninga

Den 31. mai 2023 vedtok Stortinget å innføre ein kontantstrømbasert grunnrenteskatt på oppdrett av laks, ørret og regnbueørret. Skatten blei vedtatt på grunnlag av eit forlik mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Pasientfokus. Under behandlinga stemte òg Raudt for.

Grunnrenteskatten gjeld i den såkalla sjøfasen, og for å unngå skattemessige tilpassingar blei det vedtatt at det skulle innførast ei ordning med normprisar. Det heiter om dette i Prop. 78 LS (2022–2023) pkt. 1.3, femte avsnitt:

«I høringsnotatet foreslo regjeringen at inntekter fra laks fastsettes med utgangspunkt i normpriser basert på priser fra Nasdaq, i tråd med forslaget fra Havbruksskatteutvalget. Normpriser vil redusere muligheten for skattemotivert tilpasning mellom selskaper i interessefellesskap. I pressemelding 18. november 2022 ble det imidlertid varslet at regjeringen i stedet ville vurdere å opprette et uavhengig organ for å fastsette priser som utgangspunkt for skatten. I pressemeldingen ble det uttalt at ‘prinsippet om at det er de reelle inntektene som skal ligge til grunn for grunnrenteskatten, ligger fast’.»

Den 20. desember 2023 fastsette Finansdepartementet så ei eiga forskrift med særreglar for havbruksverksemd, kor det mellom anna blei fastsett eit prisråd. Det blei òg oppnemnt medlemmer av dette normprisrådet.

Skatteavrekningsprisar frå prisrådet – systematisk feil normprisar

Grunnrenteskatten begynte å gjelde 1. januar 2023, men fram til 1. juli 2024 har grunnrenteskatten blitt basert på havbruksselskapa sine innrapporterte prisar.

Frå 1. juli 2024 begynte skatteavrekningsprisane frå prisrådet å gjelde, og i desember blei dei foreløpige prisane sende ut. Frist for merknader blei sett til 17. januar.

Heilt sidan regjeringa lanserte grunnrenteskatten i september 2022, har normprisordninga blitt kritisert, og det har blitt peika på ei rekke med utfordrande sider ved ordninga.

Dei foreløpige skatteavrekningsprisane viser nå at kritikarane har fått rett. Normprisane blir systematisk feil og vil føre til ei gjennomgåande feil skattlegging av Noregs nest viktigaste eksportnæring.

Norske havbruksselskap må rett og slett betale skatt av inntekt dei ikkje har. Det er det motsette av det regjeringa fleire gonger har slått fast, nemleg at det er dei reelle inntektene som skal ligge til grunn for grunnrenteskatten.

Kritikken er nærmare konkretisert i fleire forhold, som at normprisane blir feil fordi det ikkje finst ein marknadsverdi for laks, at normprisane ikkje er forankra i oppnådd pris, at normering av kostnader/sjablongfrådrag blir feil, at ASC-prisinga er feil, at pris på ordinær laks ikkje er riktig, og at normpris på vekenivå blir uriktig.

Forutan at normprisordninga er i strid med føresetnaden om reelle inntekter, medfører ordninga eit kostbart byråkrati for det offentlege og tidkrevjande arbeid for selskapa. Vidare vil det føre til tvistar og klageprosessar og eventuelle rettsprosessar.

Manglande stortingsfleirtal for regjeringas normprisordning

Utviklinga etter at Stortinget vedtok grunnrenteskatten våren 2023, har vist at det nå truleg ikkje lenger er fleirtal for ei normprisordning. Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti stemte mot grunnrenteskatten og har vore mot normpris. I haust har Venstre varsla at partiet nå òg er mot normprisordninga.

Vidare har sentrale talspersonar både i Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti uttalt seg på ein måte som kan oppfattast slik at partia ikkje lenger støttar normprisordninga.

Avvikling av normpris ved fastsetting av grunnrenteskatten

Normprisordninga ved fastsetting av grunnrenteskatten blir systematisk feil, og det er stor risiko for at det vil føre til ei gjennomgåande feil skattlegging av havbruket. Det vil vere store utgifter til byråkrati for det offentlege og tidkrevjande arbeid for selskapa med dertil høyrande kostnader, og det vil føre til ressurskrevjande klageomgangar og eventuelle rettsprosessar. Samtidig har utviklinga vist at det truleg ikkje lenger er eit fleirtal for ei normprisordning på Stortinget.

Konsekvensen av alt dette må føre til at normprisordninga blir avvikla, og at selskapa skal betale skatt av dei inntektene dei faktisk oppnår ved sal, slik ordninga var før 1. juli 2023. Grunnrenteskatten må basere seg på dei faktiske salsprisane, faktiske inntektene og faktiske verdiane som selskapa oppnår.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgande

forslag:

Stortinget ber regjeringa fremme forslag om at havbruksskatten blir utmålt basert på reelle marknadsprisar tilsvarande som i selskapsskatten, og at dagens ordning med eit normprisråd blir avvikla.

30. januar 2025

Olve Grotle

Helge Orten

Nikolai Astrup

Liv Kari Eskeland

Mari Holm Lønseth

Erlend Svardal Bøe

Sveinung Stensland