Bakgrunn
Regjeringa Solberg
starta i 2020 opp det fireårige pilotprosjektet «Statens hus i Distrikts-Norge»
på bakgrunn av tilrådingane til Demografiutvalet (NOU 2020:15) og
Distriktsnæringsutvalet (NOU 2020:12) om fornying av norsk distriktspolitikk.
Målet med pilotprosjektet,
som pågår i perioden 2021–2024, er å etablere modellar for meir
samla offentlege kompetansemiljø i bu- og arbeidsmarknadsregionar
i Distrikts-Noreg der staten bidreg sterkare og meir systematisk
enn i dag. I tillegg til at dette er viktig for den samla distriktspolitikken,
vil slike faste og strukturerte modellar for offentlege kompetansemiljø
i distrikta kunne gjere det enklare å halde på og rekruttere kompetanse
i statlege etatar på mindre stadar, og fleire statsetatar enn i
dag kan lettare rekruttere og tilsette folk desentralisert og dermed
auke tilfanget av kvalifiserte medarbeidarar.
I pilotprosjektet
skal ein mellom anna utforske barrierar og hindringar for å gi tilsette
i statlege etatar moglegheit til å jobbe desentralisert frå Distrikts-Noreg
i samlokaliserte jobbfellesskap.
I februar 2023 publiserte
Kommunal- og distriktsdepartementet ei midtvegsevaluering av pilotprosjektet
«Statens hus i Distrikts-Norge», utarbeidd av Oxford Research. I
midtvegsevalueringa går mellom anna følgjande fram som generelle
funn:
-
Pilotkommunane opplever
at dei statlege etatane er prega av silotankegang og ein for dårleg
koordinert regional stat.
-
Kapasiteten til å
tenke regional samordning, lokal tilstadevere og utvikling i kvar
enkelt statlege etat er begrensa.
-
Det er lite utvikla
medvit i kvar enkelt statlege etat om verdien av og moglege synergiar
av samlokalisering og å delta i større «kompetanseklynger», til dømes
når det gjeld rekruttering.
-
Lokale representantar
for statlege etatar har ikkje tilstrekkeleg avgjerdsmynde til å
gjennomføre forslag og endringar som kjem fram gjennom pilotarbeidet.
-
Kommunane ytrar ønskje
om ein meir samskapande og samhandlande kommune-stat-relasjon, men
får i begrensa grad svar frå statleg hald.
-
Engasjement og drivkraft
i statlege etatar er knytt til enkeltpersonar, ikkje systemstrukturar,
og blir ikkje fanga opp og forankra i ei institusjonell innramming
i staten.
-
Det er jamt over
ei varsam og tilbakelent haldning blant statlege aktørar til å utforske
og utnytte det auka handlingsrommet for desentralisert lokalisering
som digitalisering og ny teknologi gir.
Stortinget
behandla i februar 2023 representantforslag frå representantane
Sveinung Rotevatn, Alfred Jens Bjørlo og Guri Melby frå Venstre
«om mer frihet til å jobbe der du vil», Dokument 8:34 S (2022–2023),
om å legge til rette for eit meir staduavhengig arbeidsliv på generell
basis. I regjeringa sitt svarbrev til representantforslaget opplyste
arbeids- og inkluderingsministeren m.a. følgjande:
«Regjeringen har
videre som ambisjon å øke antall stillinger i staten som blir lyst
ut med mulighet for fjernarbeid, eller som arbeidsgiver velger å
tilby ansatte som alternativt ville sluttet i virksomheten, med
det formål å oppnå økt desentralisering av statlige arbeidsplasser. Som
forslagstillerne også peker på, bør fjernarbeid i staten kombineres
med mulighet for å høre til et lokalt kontorfellesskap der det er
tilgjengelig eller formålstjenlig. Både for arbeidsgiver og for
arbeidstaker kan det være fordeler med en slik løsning. Mange kommuner har
stort engasjement for stedsuavhengig arbeid, og kommunene oppfordres
til å legge til rette for kontorfellesskap der også ansatte i staten
kan inkluderes. Det er ingen hindringer for å gjøre dette, og det
blir også gjort mange steder. Det finnes en rekke ulike former for kontorfellesskap
rundt om i landet som har kommet til uten statlige prosjekter eller
en særlig statlig støtteordning. Private og offentlige finner sammen
på ulike måter for å legge til rette for denne typen virksomhet.»
Regjeringa har i
tildelingsbreva til statlege etatar for 2023 lagt inn følgjande
standardformulering, i tråd med det arbeids- og inkluderingsministeren
opplyser til Stortinget: [Ein] etat
«... skal vurdere
hvilke muligheter den har for økt bruk av desentralisert arbeid,
med det formål å oppnå mer desentralisering av statlige arbeidsplasser
og styrke lokale fagmiljø, som kan gi distriktspolitisk gevinst. Dette
vil være særskilt aktuelt i forbindelse med utlysning av stillinger,
men kan også være aktuelt for allerede tilsatte som ønsker dette.
Slikt desentralisert arbeid bør fortrinnsvis kombineres med mulighet
til å tilhøre et lokalt kontorfellesskap der det er tilgjengelig.»
Sett i lys av funna
i midtvegsrapporten frå pilotprosjektet «Statens hus i Distrikts-Norge»
er det liten grunn til å tru at dei uforpliktande og lause oppmodingane
frå regjeringa til statsetatane om å vurdere auka bruk av desentralisert
arbeid vil ha reell effekt. Midtvegsrapporten påviser strukturelle,
tunge barrierar for meir omfattande og systematisk bruk av desentralisert
lokalisering i statlege etatar, som neppe vil bli løyst gjennom
dei forsiktige formuleringane i tildelingsbreva til statlege etatar
for 2023.
Skal staten bli ein
reell drivar i utviklinga av sterkare kompetansemiljø i Distrikts-Noreg,
og dermed også utvikle ein meir offensiv distriktspolitikk i tråd
med kunnskapsgrunnlaget frå Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet
som også skal ligge til grunn for regjeringa Støre sin distriktspolitikk
(jf. Hurdalsplattforma), må arbeidet med fleire desentraliserte
statlege arbeidsplassar skje på ein langt meir medviten, systematisk
og forpliktande måte.
Regjeringa må mellom
anna setje konkrete måltal på kor stor del av stillingane i nasjonale
statlege etatar/forvaltingsorgan som skal vere staduavhengige med høve
til lokalisering i jobbfellesskap i bu- og arbeidsmarknadsregionar
i Distrikts-Noreg. For dei fleste statlege etatar/forvaltingsorgan
med nasjonal struktur utanom departementa bør det vere mogleg å
sørge for at minst ein tredjedel av stillingane kan ha status som staduavhengig
stilling innan utgangen av 2025.