Klimaendringane er
vår tids største og viktigaste utfordring. Skal skadeverknadene
av klimaendringar avgrensast, krev det omfattande tiltak for å kutte klimautslepp
raskast råd på alle samfunnsområde. Krav til raske klimakutt må
ligge til grunn for all statleg politikk, særleg i sektorar med
høge klimautslepp.
Noreg har sett som
mål å kutte innanlandske klimagassutslepp med 50–55 pst. innan 2030.
Byggsektoren står for ca. 15 pst. av dei norske klimautsleppa. I
tillegg medfører materialbruk svært store indirekte utslepp, som
ikkje blir fanga opp i den norske klimarekneskapen.
I dei endringane
av energi-, klima- og miljøkrava i byggteknisk forskrift og tilhøyrande
endringar i byggesaksforskrifta som regjeringa la fram 29. mai 2022,
er det ikkje lagt inn klimakrav til nye bygningar, og heller ikkje krav
om klimarekneskap for alle typar bygg eller for heile byggeprosessen.
I tillegg er krava til sortering av avfall på byggeplass langt lågare
enn det som allereie er standard i bransjen. Det er særleg uheldig
sett i lys av at Noreg i åra framover gjennom EØS-avtalen må tilpasse
seg EU sine skjerpa krav til gjenbruk og sirkulærøkonomi.
Forskriftsendringane
i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som no er innførte
av regjeringa, gjeld frå 1. juli 2022. For å nå norske klimamål,
lukkast med internasjonal klimaomstilling og gjere økonomien grønare
og mer sirkulær, må det raskast råd på plass skjerpa reglar for
bygg som set krav til klimagassrekneskap og klimautslepp. Skjerpa
reglar må gjelde seinast frå 1. januar 2024, med gradvis skjerping
av krava fram mot 2030.