Bakgrunn
Noreg skal vera eit
lågutsleppssamfunn i 2050. Skal ein greia dette, må alle delar av
næringslivet bidra. Auka CO2-avgifter
bidreg til at alternative fossilfrie energiberarar på sikt vil bli
meir kostnadseffektive enn tilsvarande energiformer basert på fossile
kjelder.
Hydrogen og ammoniakk
er energiberarar som har store potensial til å redusere utslepp
innan ei rekke sektorar. Innan transportsektoren har Noreg allereie
gjort mykje, spesielt innan maritim sektor og gjennom elbilsatsinga.
Det ligg også til rette for at Noreg kan verta ein testarena for
nullutslepp flytransport.
Innan jernbanesektoren
har Noreg elektrifisert storparten av strekningane i landet. Men
sju av Noregs jernbanestrekningar er enno ikkje elektrifiserte,
noko som utgjer om lag 10 pst. av den totale norske togflåten. Og
sjølv om skinnegåande transport gir svært effektiv utnytting av
energien, og lite utslepp i forhold til tilbakelagt antal kilometer
sjølv med fossile energikjelder, er målet på sikt at all transport
skal bli utsleppsfri.
Eit samla storting
stilte seg hausten 2018 bak eit framlegg om å teste hydrogentog
på ein av dei strekningane som i dag nyttar dieseldrift. Målet er
å få bort dei 100 000 tonna med CO2 som
jernbanedrifta fører til kvart år.
Jernbanedirektoratet
publiserte i november 2019 rapporten NULLFIB (Nullutslippsløsninger
for ikke-elektrifiserte baner), der dei evaluerte ulike nullutsleppsalternativ.
Her vart tradisjonell køyreleidning, delelektrifisering, rein batteridrift,
biodrivstoff og hydrogen vurderte.
Studien konkluderte
med at hydrogen enno er umodent for bruk i Noreg. Konklusjonen frå
NULLFIB er i strid med konklusjonen frå ein fagrapport frå SINTEF
frå 2019, som peikar på hydrogen som den beste løysinga på fleire
strekk som ikkje er elektrifiserte. Dei peikar på at grunnlaget
for vurdering av hydrogen som alternativ energiberar, som Jernbanedirektoratet
har nytta i sin studie, er svakt og allereie utdatert.
Det vert teke til
orde for at godstransport på Nordlandsbanen er godt eigna for bruk
av grønt hydrogen.
Ettersom krava til
grøn transport vert stadig strengare, er det viktig at også skinnegåande
transport kan tilby nullutslepp. Om ein ikkje har eit slikt tilbod,
vil godstransport på sikt automatisk tvinge seg over på vegen, då
det er forventa at all landtransport etter kvart vil gå over til
fossilfrie energiberarar.
I Europa er allereie
hydrogentog introdusert i fleire land. Alstom lanserte hydrogentoget
Coradia Ilint på ei transportmesse i Berlin i 2016, og bestillingar
av hydrogentog er etter dette gjorde i Storbritannia, Tyskland og Nederland.
Fleire initiativ
til produksjon av hydrogen er iverksette her i Noreg etter lansering
av hydrogenstrategien og eit hydrogenvegkart av regjeringa Solberg.
Det har vore ei hurtig utvikling av hydrogenteknologi, marknad og trong
for alternative energiberarar. Det offentlege må ta eit tydeleg
ansvar for å driva fram utviklinga. Offentlege krav i innkjøp er
med på å driva fram ei slik ønskt utvikling, men bidreg òg til å
skape verdikjeder og verdiskaping for norsk energiproduksjon og
teknologi på sikt.
Forslagsstillarane
viser til gjeldande hydrogenstrategi, som legg grunnlaget for vidare
arbeid med hydrogen. Strategien stadfestar at det må lagast ein
marknad for hydrogen for å underbygga fem hydrogenknutepunkt fram
mot 2025. Tog bør vurderast til å ta del i denne marknaden. Her
må ein inngå samarbeid med private aktørar, ettersom norsk næringsliv
har kome langt i sine planar om å etablera både produksjon og forbruk av
hydrogen. Likevel må det innleiingsvis vera det offentlege som gjennom
innkjøp set seg i førarsetet for å driva fram utviklinga.
Forslagsstillarane
meiner regjeringa må vurdera nye verkemiddel for å løyse ut potensialet
for hydrogensatsinga i Noreg fram mot 2030. Differansekontraktar har
vorte peika på som nyttige verkemiddel som kan bidra til å få på
plass verdikjeder som omfattar produksjon, distribusjon og bruk
av hydrogen. Det må difor snarast koma på plass eit sett rammevilkår
som skaper føreseielege rammer for at næringslivet skal kunna satsa.
Forslagsstillarane
viser vidare til at Noregs første hydrogenferjer i storskala skal
gå på Vestfjorden, Noregs lengste ferjesamband. Då Statens vegvesen
lyste ut anbod på den første elektriske ferja i Noreg, var det få
eller ingen liknande ferjer i drift andre stader i verda. Dette var
starten på ei omlegging til grøn maritim skipsfart. Modellen Statens
vegvesen nytta den gongen, kan også nyttast av Jernbanedirektoratet.
Teknologien for hydrogentog finst, og ein kan difor hoppa over stadium
med pilotering som ein måtte ha for ferjene. Regjeringa bør difor
vurdere å gje Jernbanedirektoratet eit oppdrag med å oppdatera kunnskapsgrunnlaget
som kan leia fram til at ein set det første norske hydrogentoget
i bestilling. Regulatoriske barrierar må kartleggast og avklarast.
Det er viktig at regelverket ligg i forkant av ei innføring av hydrogentog.
Direktoratet for sikkerhet og beredskap må difor koplast på dette
arbeidet.
Staten må bruke innkjøpsmakta
si på å bygga marknaden. Det kan ein gjere med også å fasa inn tog som
ikkje kan elektrifiserast, på marknaden, eventuelt at ein får opp
bimodale togsett der hydrogen på sikt kan fasast inn. Då får ein
opp volumet på hydrogenproduksjon, som igjen vil senka prisen på
drivstoffet, og ein får med det ein energiberar som er konkurransedyktig
mot diesel når CO2-kostnadane
aukar, i tillegg til å oppnå klimakrava Noreg har sett.
Skal ein få ei satsing
på hydrogen i Noreg, må statlege aktørar nytta innkjøpsmakta si
for å drive fram denne vilja utviklinga. Om ikkje skinnegåande transport
tek del i denne utviklinga, vil tog bli akterutsegla av last på vogntog,
som på sikt kan tilby nullutsleppstransport på alle vegar.
Hydrogen kan i tillegg
vera lokalprodusert, og kan utnytta innestengd kraft, noko som vil
avlasta presset på utbygging av nettinfrastruktur.
Forslagsstillarane
viser til Dokument 8:113 S (2021–2022) om ei storstilt satsing på
norsk hydrogen- og ammoniakkutvikling. Dette er eit framlegg som
føljer opp hydrogenstrategien og hydrogenvegkartet lagt fram av regjeringa
Solberg. Forslagsstillarane meiner at også hydrogentog må greiast
ut vidare for å komplettere denne satsinga.