Representantforslag om endring av arbeidsmiljølova slik at Arbeidstilsynet får heimel til å handheva lovføresegner om innleige frå bemanningsføretak

Dette dokument

  • Representantforslag 57 L (2018–2019)
  • Fra: Per Olaf Lundteigen, Kjersti Toppe, Sigbjørn Gjelsvik og Nils T. Bjørke
  • Sidetall: 2

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Forslagsstillarane viser til at grunngjevinga for dette lovforslaget er å sikra at Arbeidstilsynet har kompetanse til å føra tilsyn med, gje pålegg om og treffa einskildvedtak for å gjennomføra lovføresegner i arbeidsmiljølova som omhandlar innleige frå bemanningsføretak.

Forslagsstillarane viser til at arbeidsmiljølova § 18-6 (1) ikkje sikrar Arbeidstilsynet ei slik fullmakt i dag. Arbeidstilsynet får heller ikkje denne fullmakta frå 1. januar 2019, når lovendringane som Stortinget vedtok 4. juni 2018, trer i kraft.

Arbeidstilsynet kan ifølgje arbeidsmiljølova § 18-6 (1) gje dei pålegga og treffe dei einskildvedtaka elles som er naudsynte for gjennomføringa av føresegnene i og i medhald av bestemte føresegner i arbeidsmiljølova. Overtredelsesgebyr er heimla i § 18-10.

Arbeidstilsynet kan derimot ikkje gje dei pålegga og treffa de einskildvedtaka som er naudsynte for gjennomføringa av føresegnene i og i medhald av § 14-12 (1), § 14-12 (2) eksl. andre punktum og § 14-12 (4), som alle omhandlar innleige frå bemanningsføretak. Det same gjeld § 14-12 a. Likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår ved utleie fra bemanningsforetak.

Forslagsstillarane vil visa til at lovforslaget om ei endring av § 18-6 (1) for å sikra Arbeidstilsynet slik kompetanse vart sett fram både i Innst. 132 L (2017–2018), jf. Dokument 8:60 L (2017–2018) og Dokument 8:94 L (2017–2018), og i Innst. 355 L (2017–2018), jf. Prop. 73 L (2017–2018).

Forslagsstillarane viser vidare til Stortinget sitt samrøystes vedtak nr. 821, 4. juni 2018:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til en kontrollfunksjon som skal føre tilsyn med, gi pålegg om og treffe enkeltvedtak for å gjennomføre bestemmelsene i arbeidsmiljøloven § 1-7, kapittel 2 til kapittel 11, samt §§ 14-1 a, 14-5 til 14-8, § 14-9 andre ledd bokstav f andre punktum og andre ledd siste punktum, § 14-12, § 14-12 a, § 14-15 femte ledd og §§ 15-2 og 15-15. Forslaget til kontrollfunksjon legges fram for Stortinget på en egnet måte.»

I Prop. 1 S (2018–2019) skriv Arbeids- og sosialdepartementet følgjande om si oppfølging av dette vedtaket:

«Departementet har igangsatt et arbeid med å utrede tiltak for bedre kontroll og håndheving for å redusere ulovlig innleie, slik det også ble varslet i Prop. 73 L (2017–2018). Regjeringen vil komme tilbake Stortinget på egnet måte når arbeidet er ferdigstilt.»

Forslagstillarane meiner det er særs viktig at Arbeidstilsynet får kompetanse til å handheva lovføresegner om innleige frå bemanningsføretak. Det er etter forslagsstillarane si meining heilt avgjerande at desse lovføresegnene vert handheva av Arbeidstilsynet, og at dette vert gjort gjeldande så raskt som mogleg.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:
Vedtak til lov

om endring i arbeidsmiljøloven

I

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) vert det gjort følgjande endring:

§ 18-6 første ledd første punktum skal lyde:

Arbeidstilsynet gir de pålegg og treffer de enkeltvedtak ellers som er nødvendig for gjennomføringen av bestemmelsene i og i medhold av § 1-7, kapittel 2 til kapittel 11 samt §§ 14-1 a, 14-5 til 14-8, 14-9 andre ledd bokstav f andre punktum og andre ledd siste punktum, 14-12, 14-12 a, 14-15 femte ledd, 15-2 og 15-15.

II

Lova tek til å gjelde straks.

3. desember 2018

Per Olaf Lundteigen

Kjersti Toppe

Sigbjørn Gjelsvik

Nils T. Bjørke