Bakgrunn
Ekspressbussar og
flybussar er eit marknadsbasert kollektivtilbod utan offentlege
tilskot. Bussane køyrer over lengre strekningar og bind regionar
og byar saman, enten som einaste fylkeskryssande tilbod i distriktet eller
som eit viktig supplement til toget. Dette fleksible og kostnadseffektive
busstilbodet vert i praksis finansiert gjennom billettinntekter
frå dei reisande. Når det gjeld tog, subsidierer staten kvar passasjerkilometer med
om lag 2,50 kr.
Utviklinga i det
kommersielle bussmarkedet har vore negativ dei seinare åra. I 2007
var talet på ekspressbussreisande om lag 10 mill., medan ein i 2016
er komen ned på 6 mill. Årsaka til dette er sterk konkurranse som
har medført færre ruter og dyrare billettar. Forslagsstillarane
meiner det er på tide med ein aktiv tilretteleggingspolitikk for
det kommersielle busstilbodet.
Tog og fylkeskommunalt
busstilbod får blant anna kompensert for dei sosiale rabattane som
vert gjevne til blant anna pensjonistar, uføre, born og skuleelevar.
Dette må dei kommersielle koste sjølv, noko som gjev ulike konkurransevilkår.
I tillegg vert kostnaden for å få tilgang til viktige kollektivknutepunkt
oppfatta som høg.
Under dagens regjering
har meirverdiavgifta på kollektivtransport òg auka frå 8 til 12
prosent. Dette er òg med på å svekkje konkurranseevna til kollektivtransporten.
Drivstoffprisane
har og auka dei seinare åra som følgje av blant anna auka vegbruksavgift
for diesel. Diesel er for mange av ekspressbussane det einaste reelle
drivstoffet med dagens teknologi. Forslagsstillarane syner òg til
at verken togtransporten eller sjøtransporten betalar vegbruksavgift
for diesel, noko som også gjev ulike vilkår.