Utsett
iverksetjing til 2020 av lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringar
i eigedomsskattelova fordi det er urealistisk å gjennomføre takseringsarbeidet
som lovframlegget føreset
Det er få og små
takseringsfirma i takseringsmarkedet for verk og bruk, og dette
krev fagkunnskap. Kvart år vert det gjennomført ny alminneleg taksering
for om lag 36 kommunar. Det er ingen overkapasitet i bransjen. Kommunenes
Sentralforbund (KS) og Landssammenslutningen av vasskraftkommuner
(LVK) og fleire andre kommuneorganisasjonar har påpeikt at det er
heilt urealistisk å gjennomføre takseringsarbeidet som lova føreset,
med iverksetjing frå 2019.
Som fylgje av lovvedtaket
må dei 348 kommunane laga ny takst etter dei nye reglane for næringseigedomar,
kor ein takserer grunn, bygningar og «maskiner som tener bygningen».
Verdien av produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar i dagens
verk og bruk vil etter dette utgjere eit særskilt skattegrunnlag
som skal fasast ut over ei periode på sju år (overgangsregelen).
Av dei 348 kommunane
er det 73 som i 2017 skriv ut eigedomsskatt på verk og bruk, men
ikkje på all anna næringseigedom. Sjølv om fleirtalet i finanskomiteen
i Innst. 4 L (2017–2018) legg til grunn at kommunane ikkje treng
å utvida eigedomsskatten til næringseigedomar, framgår ikkje dette
klart av lova. Skattytarane hevdar at det ikkje er ein klar lovheimel
for å nytta overgangsregelen dersom kommunane ikkje skriv ut eigedomsskatt
også på anna næringseigedom. I tilfelle det skal tolkast slik, betyr
det at dei 73 kommunane også må førstegongstaksere all næringseigedom
i kommunen. Dette vil også vere tilfelle dersom kommunane for å kompensere
for inntektsbortfallet vel å skattlegge all næringseigedom i kommunen.
Lovforslaget føreset
med andre ord at det vert gjennomført eit svært omfattande takseringsarbeid.
I nokre kommunar vil arbeidsmengda vera begrensa, men i kommunar
med større eller mange anlegg vil arbeidet vera omfattande. Det
same gjeld i dei kommunane som i dag berre skriv ut eigedomsskatt
på verk og bruk, og som treng inntektene overgangsregelen gjev,
og difor vil utvide skattegrunnlaget til all næringseigedom.
I alle takstar på
verk og bruk må det takast stilling til kva som skal skiljast ut
som «produksjonsinstallasjonar», som er eit nytt lovomgrep. Mange
takster på verk og bruk er ikkje spesifiserte på ein slik måte at
skattepliktig produksjonsutstyr og verdien av det enkelt kan skiljast
ut til forskjell frå «maskiner som tener bygget».
Eit anna viktig moment
er at retakseringa bør samordnast med kommunesamanslåinga, som føreset
felles eigedomsskatteregime i dei nye samanslegne kommunane.