Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag om omgjering av vedtaket om samanslåing av fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane

Til Stortinget

Bakgrunn

Stortinget vedtok 8. juni 2017 mot stemmene til eit betydeleg mindretall å slå saman fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland til ein region (jf. Prop. 84 S (2016–2017, og Innst. 385 S (2016–2017)).

Prosessen på Vestlandet starta med samtalar mellom Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Dette ville blitt ein stor og slagkraftig region i vest. Møre og Romsdal blei aldri med på denne nabopraten. Rogaland gjorde tidleg vedtak om ikkje å vera med i ein vestlandsregion på grunn av regjeringa si manglande vilje til å gje konkrete signal om kva oppgåver den nye regionen skulle få. Hordaland og Sogn og Fjordane inngjekk intensjonsavtale om samanslåing under ei rekke føresetnader.

Desse fylka har gjennomført grundige prosessar og forhandla fram ei intensjonsavtale om frivillig samanslåing. Avtala set som føresetnad at det skal bli overført nye oppgåver til den nye regionen slik det er beskrive i intensjonsavtala, og å få til ei god fordeling av hovedkontora til dei statlege institusjonane.

Forslagsstillar vil understreke at samanslåing av fylke skal byggje på fri vilje. Då må også intensjonsavtala leggast til grunn og nye oppgåver bli tilført. Få av føresetnadene i intensjonsavtala er fulgt opp av regjeringa. Nye oppgåver av betydning er ikkje tilført, og Arbeidarpartiet såg ikkje lenger på ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane som frivillig, og stemde imot i Stortinget.

Innbyggarane i Sogn og Fjordane er imot ei samanslåing. Nye oppgåver og gode prosessar kan endre denne oppfatninga. Men det bør ikkje igangsettast dyre og tidkrevjande samanslåingsprosessar før slike oppgåver er på plass og innbyggarane i fylka ser positivt på ei samanslåing.

Ei uferdig reform

Eit sentralt poeng i dei to fylkeskommunane er at den såkalte regionreforma er ei uferdig reform, der det er stor usikkerheit knytta til framtidige oppgåver. Forslagsstillar meiner at ein føresetnad for å vurdere større regionar, må vere at dette styrker det lokale og regionale demokratiet gjennom utvida ansvar for nye oppgåver, blant anna innan samferdsel, naturressursforvaltning, næringsutvikling og klimasmart og miljøriktig samfunnsplanlegging. Forslagsstillar meiner at slike føresetnader ikkje er på plass i denne saka.

Forslagsstillar vil òg peike på at ei naturleg følgje av å opprettholde dagens fylkeskommunar, er at desse òg består med sjølvstendige fylkesmannsembete og som eigne valdistrikt for val til Stortinget.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillar fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa legge fram forslag om at den vedtekne samanslåinga av fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane til ein region vert oppheva, og at dei to fylkeskommunane består som i dag.

17. oktober 2017

Ingrid Heggø