Rune Støstad (A) [09:23:53 ] (ordfører for saken): Denne saken
handler om å tilpasse lov om interkommunale selskap, IKS-loven,
til den rollen og de oppgavene et interkommunalt selskap har i dag.
IKS-loven ble opprettet i 1999, og i starten hadde IKS-selskapene
i hovedsak oppgaver av forretningsmessig karakter. I de senere årene
har vi sett at kommunene legger flere oppgaver til interkommunale
selskap, oppgaver som bl.a. brann, renovasjon, legevakt og andre
lovpålagte oppgaver. Dermed er det ikke lenger bare oppgaver av
forretningsmessig karakter, og da er det også nødvendig å justere
lovverket. Det gjelder på områder som møteoffentlighet, taushetsplikt
og justering av økonomireglene, i tillegg til å redusere statens
rolle i organiseringen av selskapet.
Den kanskje viktigste
endringen i IKS-loven berører helt sentrale prinsipp og verdier
i vårt demokratiske samfunn, nemlig åpenhet og tilgang på informasjon. Når
flere lovpålagte oppgaver legges inn i interkommunale selskap, vil
aktiviteten ha større allmenn interesse. Representantskapet er det
øverste organet i et IKS, og med ny lov vil møteoffentlighet gjelde
i det organet. Reglene om møteoffentlighet innebærer krav om åpne møter,
kunngjøring av møter, og at både møteinnkallingen, saksdokument
og protokoller er lett tilgjengelig for alle. Da blir det de samme
reglene for interkommunale selskap som for møter i folkevalgte organ
i kommuner og fylkeskommuner. Da blir det mulig å følge med på beslutningsgrunnlaget
i interkommunale selskap, og det er enklere å ettergå vedtakene
i etterkant.
Dagens regjering
er opptatt av offentlighetsloven, og meroffentlighet skal praktiseres
i alle offentlige virksomheter. Det kommer også tydelig fram i Hurdalsplattformen.
Offentlighetsloven og meroffentlighet er viktige verdier i vårt
demokratiske samfunn, og god tilgang på informasjon er en forutsetning
for ytringsfrihet.
Med de store oppgavene
kommunene har foran seg, vil trolig enda flere kommunale oppgaver
løses i interkommunale selskap, noe også generalistkommuneutvalget
har pekt på. Nå sikrer vi at innbyggere, organisasjoner og media
får bedre tilgang på informasjon om det som skjer i disse selskapene.
Lovendringen gir større legitimitet til de interkommunale selskapene,
og det vil styrke tilliten til det offentlige og til lokaldemokratiet.
En samlet komité
står bak innstillingen, og jeg takker komiteen for samarbeidet med
saken.
Birgit Oline Kjerstad (SV) [09:27:19 ] : For SV, som er eit
raud-grønt sosialdemokratisk parti, er det grunnleggjande at ein
del oppgåver er offentlege oppgåver som ikkje skal drivast for å
maksimere profitt, men først og fremst for å møte behovet til innbyggjarane
i fellesskap. Typisk slike oppgåver er helsetenester, eldreomsorg,
skule, vassforsyning og avfallshandtering mv.
Så er det fleire
av desse oppgåvene som etter kvart er blitt organiserte i interkommunale
selskap der fleire kommunar slår seg saman for å løyse oppgåver
på vegner av innbyggarane, fordi det er meir kostnadseffektivt og
praktisk å samarbeide om tiltaka enn at kvar kommune skal halde
på med sitt opplegg.
Interkommunale
selskap er ei særskild selskapsform for kommune og fylkeskommune.
IKS-lova var opphaveleg tenkt å gjelde oppgåver med forretningsmessig
preg, men i dag blir selskapsforma brukt for å løyse mange lovpålagde
oppgåver for kommunane.
Endringane i lov
29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskap, Prop. 61 L for
2022–2023, er justeringar for å harmonisere IKS-lova med økonomireglane
i kommunelova frå 2018. Det er ei styrking av demokratiet og openheit,
og det er SV glad for. SV meiner at desse lovendringane er med på
å tydeleggjere det særmerkte med slike offentleg eigde selskap.
Det er innbyggjarane sine selskap, og då er det bra at innbyggjarane
sin rett til innsyn, demokratisk styring, formelle krav til innkalling, møte,
styre, representantskap, referat, ansvar og plikter blir tydeleggjorde
i lova. Ein heimel for når møte kan lukkast, kva krav som må vere
oppfylte for å lukke eit møte, er det også veldig bra at kjem på
plass.
Det er viktig
at selskap som er eigde av mange i fellesskap, og som forvaltar
store verdiar på vegner av oss alle, har tydelege formelle rammer
for aktiviteten, og at det blir praktisert stor openheit. Det er
viktig at eigarane – som er vi, folket – gjennom kommunane har innsyn
og styring.
SV er glad for
denne proposisjonen, og vi støttar dei framlagde lovendringane.
Eg synest lovendringane ser fornuftige ut, og eg vil tru dei vil
gje betre og tydelegare rammer for både å opprette, styre og oppløyse
interkommunale selskap og dessutan sikre nødvendig innsyn og openheit
rundt drifta av desse selskapa.
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [09:30:09 ] : Det er eit grunnleggjande
prinsipp at kommunar og fylke har fridom til sjølve å velje på kva
måte dei organiserer seg med omsyn til oppgåveløysinga. Dei kommunane
som ønskjer å samarbeide med andre kommunar om oppgåveløysinga,
må då ha ei samarbeidsform som er eigna. Vi veit at interkommunale
selskap er ei samarbeidsform som vert nytta av kommunane. Alle kommunar
i Noreg er med i minst eitt interkommunalt selskap.
Lova om interkommunale
selskap vart vedteken i 1999, og eg legg i dag fram forslag til
nokre oppdateringar av lova. Endringane handlar i hovudsak om at
samarbeidsforma IKS skal kunne fungere godt som samarbeidsform og
vere tilpassa dei oppgåvene som IKS-ar løyser.
Regjeringa føreslår
at møta i representantskapet i interkommunale selskap som offentleglova
gjeld for, skal følgje dei same reglane om møteoffentlegheit som kommunale
organ, kommunale føretak og interkommunale samarbeid etter kommunelova.
Reglane om møteoffentlegheit
inneber krav om opne møte, kunngjering av møte og tilgjengeleggjering av
møteinnkallingar, saksdokument og protokollar. Vi føreslår vidare
at teiepliktsreglane i forvaltingslova skal gjelde for dei som utfører
tenester eller arbeid for eit interkommunalt selskap som offentleglova
gjeld for.
I lovproposisjonen
føreslår vi òg fleire justeringar i økonomiføresegnene i IKS-lova.
Justeringane er i hovudsak for at reglane for økonomiforvaltninga
til IKS-ar framleis skal vere lik reglane for kommunane si økonomiforvaltning,
dvs. ei harmonisering med kommunelova frå 2018. Blant anna presiserer
vi reglane om at IKS ikkje skal drive slik at eigenkapitalen vert
negativ.
Vidare føreslår
regjeringa å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa.
Det vert m.a. føreslått å fjerne kravet om at departementet skal
godkjenne oppløysinga av eit IKS. Proposisjonen inneheld vidare
forslag om presisering av styreansvaret, krav om tal på styremedlemer,
godtgjering og at avtaleval skal kunne nyttast når kommunestyret
vel medlemer til representantskapet.
Eg meiner endringane
regjeringa føreslår i denne proposisjonen, gjer at lova om interkommunale
selskap er godt tilpassa dei oppgåvene kommunar og fylkeskommunar
brukar samarbeidsforma til, og eg er glad for at eit breitt fleirtal
på Stortinget sluttar seg til det her.
Presidenten
[09:32:55 ]: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
Votering, se mandag 15. mai