Stortinget - Møte fredag den 12. mai 2023

Dato: 12.05.2023
President: Svein Harberg
Dokumenter: (Innst. 324 L (2022–2023), jf. Prop. 60 L (2022–2023))

Sak nr. 2 [09:11:40]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringer i kommuneloven m.m. (arbeidsutvalg og valg i folkevalgte organer) (Innst. 324 L (2022–2023), jf. Prop. 60 L (2022–2023))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Heidi Greni (Sp) [] (ordfører for saken): Først vil jeg takke komiteen for et godt samarbeid i saken, og innstillingen fra komiteen er enstemmig.

Kommuneloven fra 2018 har virket en stund. De fleste bestemmelsene i loven trådte i kraft høsten 2019, men økonomibestemmelsene trådte i kraft fra 1. januar 2020 og internkontrollbestemmelsene fra 1. januar 2021.

Loven har blitt tatt godt imot. Ifølge departementet har det vært mange tilbakemeldinger på at loven fungerer bra og er lettere å forholde seg til enn kommuneloven fra 1992. På bakgrunn av de første erfaringene med kommuneloven fra 2018 har departementet likevel blitt oppmerksom på at det er behov for noen justeringer og tydeliggjøringer i lovteksten.

Noen av lovendringene er kun av lovteknisk art, og noen innebærer innholdsmessige justeringer som har vært etterspurt fra kommunesektoren. Det pekes på at flere av lovendringene vi vedtar i dag, vil ha betydning ved konstitueringen som skal skje i kommuner og fylkeskommuner etter kommune- og fylkestingsvalget høsten 2023. Høringsinstansene er i stort enig i de endringene som foreslås.

Det foreslås at de lovpålagte medvirkningsrådene – ungdomsråd, eldreråd osv. – skal få mulighet til å opprette arbeidsutvalg. En slik lovendring er etterspurt av medvirkningsrådene og vil gjøre medvirkningsrådene bedre i stand til å ivareta sin rolle.

Proposisjonen inneholder også forslag til klargjøringer i loven. Regjeringen foreslår at det kommer tydelig fram av loven at det er kommunestyret, ikke kommunedirektøren, som ansetter eventuelle kommunale ombud. Dette er et unntak fra hovedregelen om at kommunedirektøren ansetter til stillinger i kommunen, og begrunnes med den uavhengige stillingen eventuelle kommunale ombud skal ha i kommunen.

Videre foreslås det å tydeliggjøre at det bare er medlemmene av det folkevalgte organ som har møte-, tale- og forslagsrett i organet, med mindre noe annet følger av lov. Det er en presisering av gjeldende rett. Bakgrunnen for dette forslaget er at departementet har mottatt flere spørsmål om møte-, tale- og forslagsrett, noe som tyder på at dagens regulering ikke er klar nok.

Det foreslås endringer i reglene om arbeidsutvalg. I stedet for at kommunestyret velger settemedlemmer og nye medlemmer til arbeidsutvalg, skal det folkevalgte organet som opprettet arbeidsutvalget, få myndighet til å gjøre dette.

Etter dagens regulering må rekkefølgen på listen for varamedlemmer følges ved valg av settemedlemmer. Departementet foreslår å utvide kretsen av hvem som kan velges som settemedlemmer, slik at det ikke blir et krav å følge listen over varamedlemmer – på samme måte som ved suppleringsvalg ved fritak. Det betyr at problemstillingen med at den som har behov for en lengre permisjon, kanskje føler seg presset til å søke varig fritak for å opprettholde den politiske sammensettingen i utvalget, nå vil bli eliminert. De foreslåtte endringene i reglene vil gi et mer fleksibelt system og større frihet til kommunene.

Anne Kristine Linnestad (H) []: Jeg har litt betenkninger når det gjelder å endre reglene for varamannslisten. Jeg skal overhodet ikke stemme imot. Jeg har bare lyst til å si at for oss som har holdt på lenge i kommunepolitikken og vært med på mange valg, er én ting å vinne valg, noe annet er å vinne konstituering. Når man skal konstituere, er det både politiske, partipolitiske og kanskje noen ganger litt personlige ting som gjør at man velger en vararekke. Jeg har bare lyst til å si at fra min og Høyres side er det viktig at man i størst mulig grad bruker den varamannsrekken som er, og som er valgt og er konstituert. Men jeg har absolutt forståelse for at det i enkelte tilfeller og ved lange permisjoner kan være riktig å kunne endre på rekkefølgen.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Eit godt fungerande demokrati er avhengig av engasjerte innbyggjarar og gode lover og reglar som gjer at ting går føre seg på ein ryddig måte, slik at alle grupper i samfunnet kan engasjere seg og kjenne seg representerte i dei folkevalde organa. Demokrati er eit usemjefellesskap, det er å drøfte saker ope og handtere usemje på ein respektfull måte og finne fram til vedtak som får fleirtal.

Fundamentet i samfunnet og demokratiet vårt er lokalsamfunna og kommunane. Ei god kommunelov som legg rammer for eit godt fungerande lokaldemokrati med ytringsfridom og deltaking, er svært viktig for å byggje eit godt samfunn for alle.

Ein samla komité går inn for desse endringane i kommunelova som regjeringa kjem med i denne proposisjonen. Det at lova har gode paragrafar om når og korleis arbeidsutval skal veljast og oppløysast, er nyttig, og eg merkar meg at det har vore stor semje om endringsforslaga i høyringa om lovendringane.

Eg kom inn som nytt medlem i kommunal- og forvaltingskomiteen på slutten av handsaminga av denne saka, men eg synest at forslaga ser veldig fornuftige ut, og at dei legg til rette for ein god balanse mellom behova for fleksibilitet og struktur.

Eg synest forslaga om at det er kommunestyret og ikkje kommunedirektøren som skal tilsetje eventuelle kommunale ombod, gjev ei fornuftig spreiing av makt, noko som styrkjer lokaldemokratiet. Dei føreslegne paragrafane for korleis ein skal handtere situasjonar der dei som er valde, må tre ut av verv som kommunestyremedlem, og paragrafane om når og korleis setjemedlemer skal veljast, synest eg også er ei forbetring. Det er viktig å ha desse reglane på plass.

Eg synest det er bra at interkommunale råd får fellesnemninga IPR. Det gjer desse råda, som rundt om i landet kan ha mange rare namn, meir gjenkjennelege for folk som ikkje er innanfor systemet i det daglege. Dei presiserande orda kommunalt oppgåvefellesskap i § 19-1 synest eg også forsterkar den rolla desse råda skal ha.

Det er også bra at det i § 23-6 fjerde ledd blir presisert at kontrollutvalet skal varslast om møte i generalforsamling og representantskap, og at det blir tydeleggjort at kontrollutvalet har rett til å vere til stades i desse møta. Det er dessverre eksempel på saker der det har føregått uryddige disposisjonar i kommunale selskap, så denne presiseringa er veldig bra.

Alt i alt trur eg at desse endringsforslaga i kommunelova vil gje endå betre rammer for at lokaldemokratiet skal fungere godt og fylle den viktige rolla det har på vegner av folket. Gode lover er gull for demokratiet, og SV støttar lovendringane i kommunelova.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Regjeringa føreslår nokre innhaldsmessige endringar og presiseringar som følgje av dei første erfaringane med kommunelova. Eg er glad for at vi får desse justeringane på plass no, og at vi dermed kan gje god rettleiing til kommunane om reglane før valet.

Eg vil kommentere nokre av forslaga. For det første føreslår vi endringar i reglane om arbeidsutval. Det vil gje dei folkevalde organa som opprettar arbeidsutval, større myndigheit over eigne arbeidsutval. Dei folkevalde organa som opprettar arbeidsutvalet, skal no sjølve velje nye medlemer, og det folkevalde organet kan sjølv omorganisere og leggje ned arbeidsutvalet. Dette er ei forenkling samanlikna med dagens reglar sidan det i dag berre er kommunestyret som kan gjere det.

For det andre skal no medverknadsråd kunne opprette arbeidsutval på same vilkår som andre folkevalde organ. Lovendringa vil leggje betre til rette for at medverknadsråda kan vareta si rolle. Dette har vore ei etterspurd endring.

For det tredje føreslår vi at forholdsval kan gjerast ved å vise stemmeteikn. Det vil seie at kommunane sjølve kan velje om dei vil bruke skriftleg avrøysting eller stemmeteikn. Endringane vil gje kommunane større handlefridom.

For det fjerde føreslår regjeringa ei ny føresegn om setjemedlemer. Dette vil gje dei folkevalde større fridom til å bestemme kven som kan veljast. Føresegna vil gje moglegheit til å oppretthalde den politiske samansetninga i folkevalde organ som vart framforhandla ved konstitueringa.

Eit femte forslag handlar om å opne fleirtalsval. Fleirtalsval skal m.a. brukast ved val av leiar og nestleiar i folkevalde organ og ved tilsetjing av kommunedirektør. Dette er viktige funksjonar i kommunane, og innbyggjarane bør difor få innsyn i desse vala. Lovforslaget presiserer at slike val skal skje ope ved å vise stemmeteikn. Det vil ikkje vere høve til å halde slike val hemmelege.

Nokre høyringsinstansar peika samstundes på at val av leiar og nestleiar i ungdomsråda ikkje bør vere opne, sidan opne val kunne gjere terskelen høgare for å stille til val. Dette er viktige omsyn. Av den grunn føreslår regjeringa at kvar einskild medlem av ungdomsrådet kan krevje lukka skriftleg avrøysting ved val av leiar og nestleiar.

Avslutningsvis: Regjeringa føreslår òg nokre andre endringar og klargjeringar i denne proposisjonen, og samla vil lovendringane bidra til ei framleis god og tydeleg kommunelov.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering, se mandag 15. mai