Odelstinget - Møte tysdag den 26. februar 2008 kl. 18
Sak nr. 1
Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om lov om endringar i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (særskilt tildeling av overskot frå Norsk Tipping)
Votering i sak nr. 1
Presidenten: Under debatten har Ulf Erik Knudsen på vegner av Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre sett fram eit forslag. Forslaget lyder:
«Stortinget ber Regjeringen komme til Stortinget med en årlig rapport om de økonomiske forhold i Norsk Tipping.»
Forslaget blir i samsvar med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.
Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak tillov
om endringar i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (særskilt tildeling av overskot frå Norsk Tipping)
I
I lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. vert følgjande endringar gjort:
Tittelen på lova skal lyde:
Lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (pengespilloven).
§ 10 nytt tredje ledd skal lyde:
Dersom overskuddet i 2007 er større enn overskuddet i 2006, kan økningen fordeles til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner av Kongen i 2008.
II
Lova trer i kraft straks.
Votering:Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova i det heile.
Votering:Overskifta til lova og lova i det heile blei samrøystes vedtekne.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.