Odelstinget - Møte torsdag den 3. desember 1998 kl. 14.10
Sak nr. 3
Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om lov om endringer i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskott til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)
Talere
Votering i sak nr. 3
lov
om endringar i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).
I.
I lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) skal det gjerast desse endringane:
§ 25 nr. 4 skal lyde:
Departementet kan dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova ikkje vert fylte.
§ 26 tilskottsregel nr. 1 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 1
Grunnskular for funksjonshemma.
Alle driftsutgifter vert dekte ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr elev pr skuleår lagd til grunn.
Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.
Utgifter til elevreiser vert dekte etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen.
§ 26 tilskottsregel nr. 3 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 3
Vidaregåande skular som tidlegare hadde parallellar i tilsvarande statlege skular: 85 pst av dei driftsutgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekt ved statstilskot. Så langt råd vert dette rekna etter ein normalsats pr heilårselev.
§ 26 tilskottsregel nr. 4 innleiinga skal lyde:
Vidaregåande skular som kan godkjennast etter 3 bokstav a, b og d i lova her:
§ 26 tilskottsregel nr. 5 vert oppheva.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet andre punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet noverande andre til fjerde punktum vert tredje til nytt femte punktum.
§ 26 tilskottsregel nr. 8 andre leddet andre, tredje og fjerde punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Tilskotet vert knytt til ein normalsats pr elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskular i Noreg, jamfør tilskotsregel nr. 7.
§ 26 tilskottsregel nr. 10 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 10
Departementet kan gje forskrift om at
statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot etter denne lov til kompletterande undervisning, og at
statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot til delvis dekning av skulepengar.
§ 26 tilskottsregel nr. 11 vert oppheva.
§ 27 første ledd skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode.
II.
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.
Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.