Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I dokumentet fremmes følgende forslag:
Stortinget ber regjeringa utarbeide ein lokalsjukehusplan som sikrar ei utvikling av lokalsjukehusa med breiddekompetanse, beredskapsansvar og eit breitt tilbod av planlagde dagtenester, og legge planen fram for Stortinget innan utgangen av 2026.
Stortinget ber regjeringa gi styringssignal til helseføretaka om at lokalsjukehus som eit minimum skal ha breiddekompetanse innan både indremedisin, kirurgi, anestesi, røntgen og laboratorietenester, i tillegg til fødeavdeling der dette er etablert.
Stortinget ber regjeringa sikre at Ringerike sjukehus får oppretthalde urologitilbodet, og at det i tillegg blir vurdert å desentralisere fleire pasienttilbod til lokalsjukehuset.
Stortinget ber regjeringa stoppe prosessen med fag- og funksjonsfordeling i Vestre Viken HF og sørge for at ein eventuell ny prosess ikkje kan føre til ei sentralisering av akutt- og fødetilbodet i helseføretaket eller ei svekking av lokalsjukehusa sin breiddekompetanse.
Stortinget ber regjeringa sørge for at Sjukehuset Innlandet HF opprettheld og styrker distriktspsykiatrisk senter (DPS) på Tynset med døgnplassar, jf. Stortingets vedtak nr. 414 2025–2026 om at regjeringa skal legge fram ein plan for utvikling av distriktspsykiatriske senter i heile Noreg og hindre nedbygging av slike tilbod.»
Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.