Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Forslag fra mindretall

Forslag fra femte visepresident Ingrid Fiskaa:
Forslag 1

Stortingets godtgjeringsutval vert avvikla, slik at årleg justering av stortingsrepresentantane, regjeringsmedlemene og statsministeren sine godtgjeringar vert gjort av presidentskapet direkte.

Forslag 2

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om å endra stortingsgodtgjeringslova slik at grensa for godtgjeringa for stortingsrepresentantane blir sett til 9-prosentdesilen føregåande år.

Forslag 3

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om at det vert sett ei grense som sikrar at den maksimale årlege auken i godtgjeringa til stortingsrepresentantane er eit kronetillegg som tilsvarer frontfagets prosentvise auke av ei gjennomsnittsløn året før.

Forslag 4

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om at regjeringsmedlemmer og statsminister får eit tak på godtgjeringa på høvesvis 1,4 og 1,75 gonger stortingsgodtgjeringa.

Forslag 5

Stortinget samtykker i at desse godtgjeringane vert fastsett med verknad frå 1. mai 2025:

Stortingsrepresentantar

967 967 kr per år

Regjeringsmedlemmer

1 355 154 kr per år

Statsminister

1 693 942 kr per år

Forslag 6

Stortinget ber presidentskapet utarbeida forslag til retningslinjer som sikrar at det blir mindre forskjellar mellom det generelle lønnsnivået i Noreg og godtgjeringane for stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemer og statsminister.