Forslag fra mindretall

Forslag fra Rødt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa fremja forslag om å redusera talet på veketimar i grunnskulen, med mål om å harmonisera det med nivået i Finland.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa fremja forslag om å redusera undervisningstida til kontaktlærarar med 2 klokketimar per veke.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa gå i dialog med partane i arbeidslivet med mål om å redusera bunden tid med inntil 25 pst. og slik skapa meir fleksibilitet for lærarane.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa fremja forslag om å innføra førskule for seksåringane med mykje meir frileik og pedagogikk basert på interessene og behova til den einskilde elev, med start i førsteklasse først for sjuåringar.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa fremja forslag om ei betydeleg satsing på trykte lærebøker i skulen og sikra at kommunane faktisk kjøper inn bøkene, for å betra elevane si leseforståing og leseglede og redusera forstyrringar frå digitale læremiddel.