Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innledning

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2024.

Departementet foreslår i proposisjonen mellom anna endringar under kap. 490 Utlendingsdirektoratet, kap. 491 Utlendingsnemnda og kap. 3490 Utlendingsdirektoratet. Det blir vist til omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.

I denne innstillinga blir forslaga knytte til dei nemnde kapitla handsama. Dei andre forslaga i proposisjonen blir handsama av justiskomiteen og utanriks- og forsvarskomiteen.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.