Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar av løyvingane i statsbudsjettet for 2024
mellom anna under kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet,
kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar, kap.
672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
(Utgifter) og kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for
vaksne innvandrarar (Inntekter).
Det blir vist til omtale i proposisjonen av
dei nemnde forslaga.
I denne innstillinga blir forslaga knytte til
dei nemnde kapitla handsama. Dei andre forslaga i proposisjonen
blir handsama i arbeids- og sosialkomiteen.
Dokumenta i saka er tilgjengelege
på sakssida på stortinget.no.