Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
legg i proposisjonen fram tilråding om lønsregulering for dei embetsmenn
og statstilsette som ikkje er dekte av hovudtariffavtalane og forslag
til endringar i statsbudsjettet for 2024.
I punkt 2 i proposisjonen blir det gjeve ein
omtale av lønsforhandlingane i det statlege tariffområdet 2024, i
punkt 2.1 nærare om lønsforhandlingane med temaa forhandlingane,
den økonomiske ramma og forhandlingsstader og i punkt 2.2 om lønsregulering
m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.
I punkt 3 i proposisjonen blir det gjeve ein
omtale av endringar på statsbudsjettet for 2024. Dette gjeld kap. 1560
Tariffavtalte avsetningar, post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde,
kan overførast.
Det blir vist til proposisjonen for nærare omtale.
Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida
på stortinget.no.