Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innledning

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2024.

Departementet føreslår endringar i kapitla kap. 1500 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, kap. 510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, kap. 1511 Prosjekt tilknytte nytt regjeringskvartal, kap. 1520 Statsforvaltarene, kap. 1530 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga, kap. 1531 Eigedomar til kongelege føremål, kap. 1533 Eigedomar utanfor husleigeordninga, kap. 1540 Digitaliseringsdirektoratet, kap. 1550 Datatilsynet, kap. 1551 Personvernnemnda, kap. 1560 Tariffavtalte avsetningar, jf. forslag til romartalsvedtak IV, kap. 2445 Statsbygg, kap. 4510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa.

I tillegg blir det under punktet Andre saker gjeve ein omtale knytt til byggetrinn 2 av nytt regjeringskvartal og det blir føreslege ei kostnadsramme til byggetrinn 2 del 1, inkludert avsetning til kunstnarisk utsmykking, jf. forslag til romartalsvedtak II, og ei kostnadsramme til brukarutstyrsprosjektet til nytt regjeringskvartal, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Det blir vist til omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.

I tillegg blir det i proposisjonen føreslege endringar i kap. 1565, 4565 og 5607 som blir handsama i arbeids- og sosialkomiteen, og i kap. 1541, 1542, 1543 og 5579 som blir handsama i transport- og kommunikasjonskomiteen.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.