vedtak til lov
om endringar i våpenlova
(heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)
I
I lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen,
våpendelar og ammunisjon vert det gjort følgjande endringar:
§ 37 skal lyde:
§ 37 Gebyr og utgifter
For å dekke utgiftene til våpenforvaltinga
kan politiet krevje gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne
i eller i medhald av denne lova. Gebyret kan også omfatte naudsynte
utgifter til sakkunnig bistand når sakshandsaminga krev særskild
fagdugleik.
§ 38 skal lyde:
§ 38 Forholdet til forvaltningsloven
og bruk av automatiserte avgjerder
Forvaltningsloven gjeld for saker etter denne
lova med dei særreglane som er fastsette i paragrafen her
eller i forskrift i medhald av § 41 nr. 32. Politiet kan krevje at
personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16
er oppfylte. Retten til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter
forvaltningsloven gjeld ikkje for saker om løyve til mellombels
innførsel til jaktføremål.
Politiet kan ta avgjerder i saker etter
denne lova som åleine er gjorde på grunnlag av automatisert handsaming av
personopplysingar, medrekna særlege kategoriar av personopplysingar
som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga
må trygge forsvarleg sakshandsaming og samsvare med retten til vern
av personopplysingar. Avgjerda kan ikkje byggje på skjønnsmessige vilkår
i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er tvillaus. Den registrerte
har rett til manuell overprøving av avgjerda.
§ 41 nr. 32 skal lyde:
-
32. forholdet til
forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar, reglar knytte
til intervju og unnatak frå teieplikta, og bruk av automatiserte avgjerder,
jf. § 38 første og andre ledd,
II
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.