Søk

Merknader frå komiteen

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Ragnhild Male Hartviksen, Odd Harald Hovland og Hadia Tajik, frå Høgre, Aase Marthe J. Horrigmo og Mari Holm Lønseth, frå Senterpartiet, Sandra Borch og Else Marie Rødby, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen og leiaren Helge André Njåstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Andreas Sjalg Unneland, og frå Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik, merkar seg at ein i våpenlova foreslår eit nytt andre ledd i § 38 som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte avgjerder i saker etter våpenlova, og at endringsforslaget vil gje politiet høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming åleine, utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka resultatet. Komiteen registrerer at det i samanheng med dette vert foreslått ei tilføying i § 41 nr. 32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk av automatiserte avgjerder.

Komiteen merkar seg vidare at det vert foreslått ei endring i § 37 for å gje heimel for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i medhald av lova. Komiteen registrerer at endringsforslaget vil gje politiet høve til å krevje gebyr sjølv om søknaden vert avslått, og at lovforslaget legg opp til at departementet gjev nærare føresegner om gebyret i forskrift.

Komiteen merkar seg at politiet i hovudinstruksen for etaten er gjeve pålegg om å nytte teknologi som hever kvaliteten og effektiviserer arbeidsprosessane, mellom anna i form av digitale publikumsløysingar.

Komiteen registrerer at Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei ny digital våpenforvalting med føremål om å utvikle ei betre og meir effektiv våpenforvalting som skal møte publikum sine behov, og at digitalisering av verksemda er framheva som ei prioritert oppgåve også i tildelingsbrevet til politiet for 2024.

Komiteen merkar seg at søknader som tidlegare vart handsama manuelt, i aukande grad vert handsama maskinelt. Komiteen merkar seg vidare at heilautomatisert handsaming i eigna saker vil gje ei endå meir effektiv søknadshandsaming og oppgåveløysing i våpenforvaltinga.

Komiteen registrerer at det er lagt til grunn at våpenforvaltinga skal vere gebyrfinansiert, og at gebyret skal svare til kostnadene, men at det ikkje er tilfellet i dag, og at ein stor del av kostnadene som våpenforvaltinga har, går med til å handsame søknader om løyve eller godkjenningar som vert avslått, og til å utføre kontroll som krevst etter våpenlova for at løyve som er utferda, skal kunne behaldast.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner at automatisert sakshandsaming vil vere eit viktig verktøy for å effektivisere våpenforvaltinga og gje publikum betre tenester. Fleirtalet legg til grunn at manuell handsaming berre vil vere naudsynt for avgjerder som ikkje kan takast med automatisert handsaming, og for avgjerder som vert klaga på etter avslag eller når den som avgjerda rettar seg mot, krev det.

Fleirtalet meiner at heilautomatiserte avgjerder vil kunne fremje likebehandling og motverke at det veks fram ulik praksis i politidistrikta, og at i dei sakene der ein kan nytte heilautomatisert handsaming, kan avgjerder takast ut frå like kriterium nærast utan ventetid.

Fleirtalet vil understreke at føresegnene i forvaltingslova og personvernforordninga gjeld for våpenforvaltinga også når handsaminga er heilautomatisert. Fleirtalet meiner at dei alminnelege reglane tryggar parten sin rett til menneskeleg inngripen, til å uttrykkje sine synspunkt, til å protestere mot avgjerda og til å få ei forklaring i dei avgjerdene som kan heilautomatiserast. Fleirtalet viser vidare til at i saker der avgjerder ikkje kan klagast på, vert rettane trygga ved at det vert innført ein rett til manuell overprøving når den som avgjerda rettar seg mot, krev det.

Fleirtalet viser til at det varierer kor mykje tid og ressursar som går med til våpenforvaltinga si handsaming av dei einskilde søknadene om løyve og godkjenningar. Fleirtalet legg til grunn at det kan krevje meir ressursar å avgjere søknader som endar med avslag, og at skilnaden i ressursbruk mellom kurante saker som kan avgjerast med heilautomatisert handsaming, og saker som krev manuell handsaming, venteleg kan verte større. Fleirtalet ser det ikkje som urimeleg at ein søkjar må betale eit gebyr sjølv om den einskilde søknaden vert avslått.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet understreker at det er viktig at forvaltningen blir så effektiv som mulig, slik at gebyrene for brukerne blir så lave som mulig.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er positive til økt automatisering av søknadsprosessen for våpensøknader og vil derfor støtte den delen av proposisjonen som gjelder helautomatiserte avgjørelser i saker om våpentillatelser. Disse medlemmer er imidlertid negative til at gebyrplikten skal utvides til også å gjelde i saker som ender med avslag, og vil ikke støtte denne delen av proposisjonen, og stemmer derfor imot forslag til endring av våpenloven § 37.