Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag til endringar i lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen,
skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova). Forslaget er eit
ledd i arbeidet med ei ny digital våpenforvalting.
Departementet foreslår eit nytt andre ledd i
§ 38 som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte
avgjerder i saker etter våpenlova. Endringsforslaget vil gje politiet
høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming åleine,
utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka resultatet.
I samanheng med dette foreslår departementet ei tilføying i § 41
nr. 32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk
av automatiserte avgjerder.
Departementet foreslår også ei endring i § 37
for å gje heimel for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar
gjevne i medhald av lova. I dag betaler publikum gebyr når politiet
utferdar løyve eller andre tillatingar. Endringsforslaget vil gje
politiet høve til å krevje gebyr sjølv om søknaden vert avslått.
Lovforslaget legg opp til at departementet gjev nærare føresegner
om gebyret i forskrift.
Forslaget om endringar i våpenlova §§ 38 og
41 nr. 32 vil ikkje ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. Departementet
legg til grunn at bruk av heilautomatiserte avgjerder over tid vil
føre til at politiet sparer pengar gjennom at ressursane i våpenforvaltinga vert
betre utnytta.
Forslaget om endring i våpenlova § 37 har ikkje
i seg sjølv økonomiske konsekvensar, men vil venteleg føre til endringar
i gebyrføresegnene i våpenforskrifta. Med endringa vert det opna
for å fastsetje at publikum må betale gebyr sjølv om søknaden vert
avslått. Storleiken på gebyra vil verte vurdert når den nye berekningsmodellen
er ferdig utvikla og forslaget til nye gebyrsatsar er vurdert i
den ordinære budsjettprosessen, og etter at forslag til endring
av føresegnene om gebyr i forskrifta har vore på høyring.