Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innledning

Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå den datoen det er mogeleg å fastsette endringar. Endringane for legehjelp og psykologhjelp blir gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi blir gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane vart brote grunna brot i meklinga mellom staten og Akademikerne og UNIO og påfølgjande streik. Det er derfor usikkert kva tid endringar som følgje av forhandlingane kan settast i verk.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.

Regjeringa gjer derfor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av resultatet av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.